Hopp til innhold

Syklar Noreg på langs for Sierra Leone

40 medisinstudentar frå heile landet syklar frå Tromsø til Oslo for å samle inn pengar til Leger utan Grenser.

40 medisinstudentar syklar Norge rundt for å samle inn pengar til ein god sak.

– Det er mange som har lurt på kva i alle dagar med held på med i desse oransje draktene. Men me treng den ekstra merksemda, seier Even Holth Rustad.

20. juli byrja ferda frå Tromsø til Oslo for 40 engasjerte og spreke medisinstudentar. Målet er å samle inn 250.000 kroner til eit sjukehus i Sierra Leone som blir drifta av den humanitære organisasjonen Leger Uten grenser.

Starta som ein spøk

Aksjonen blir arrangert av Medisinstudentenes Humanitæraksjon og blir arrangert kvart andre år i Oslo, Trondheim, Tromsø og Bergen. Ideen til årets aksjon byrja eigentleg som ein spøk, men no er altså 40 studentar ute på vegen for å samle inn pengar til eit godt formål. Kvar by dei er i går dei med bøsser for Leger Uten Grenser.

– Me har hatt det utruleg kjekt på denne turen, men det er klart at målet i seg sjølv er å få samla inn så mykje pengar som mogleg til sjukehuset i Sierra Leone, seier medisinstudent Christopher Storm Larsen.

Han legg til at det er varierande kor god form dei 40 studentane er i.

– Ja, kondisen er varierande. For somme av oss har den gode forma kome litt undervegs. Men me er opptekne av det skal vere mogleg for alle å vere med, fortel Larsen.

Håpar mange bidreg

medisinstudent

VERDT SLITET: Fantastisk natur og ein god sak, gjer at det er verdt å legge milevis med veg bak seg, seier medisinstudent Even Holth Rustad.

Foto: Privat

Det er nok fleire som har undra seg over syklistane i dei oransje draktene på vegen dei siste vekene. Årsaka til draktene er for å få så masse merksemd som mogleg, seier medisinstudent Even Holth Rustad.

– Me har møtt mange på turen som lurer på kva i alle dagar me held på med. Det ser jo rart ut, men det får jo mykje merksemb, seier han nøgd.

I forkant av turen har studentane ordna gratis overnatting i alle byane, og fått sponsa både mat og drikke for at turen skal bli så rimeleg som mogleg.

Og på spørsmålet om dei to ikkje byrja å bli slitne etter snart tre veker på vegen, er det klar tale frå dei to medisinstudentane.

– Me den fantastiske naturen og den gode stemninga har det vore null stress. Og når me tenkjer på kvifor me faktisk gjer dette gir det ekstra motivasjon til å gjennomføre.

Dette trengst verkeleg

Målet til studentane er altså å samle inn 250 000 kroner til eit av Leger Uten Grenser sine prosjekt i Sierra Leone. Og pengane trengst sårt, ifølgje informasjonssjef i Leger Uten Grenser, Jonas Hågensen.

– Leger Uten Grenser set utruleg stor pris på at medisinstudentane vil gi pengane til Leger Uten Grenser, seier Hågensen.

Alle pengane som blir samla inn skal gå til eit mor og barn sjukehus i byen Bo i Sierra Leone.

– Akkurat no er Sierra Leone ramma av ebola-epidemien som gjer at eit allereie hardt råka helsestellet blir svekka ytterlegare. Desse pengane vil komme enormt godt med og vil redde mange liv, seier Hågensen.

Lyst å hjelpe medisinstudentane med å nå målet sitt? Det kan du gjere her.