Hopp til innhold

Noregs største vikingskip skulle på fjorden – er «fanga» inne på museum

Dei trudde det skulle verte enkelt å få det store vikingskipet på fjorden igjen – til glede for turistane. Så langt har tabben kosta vikingsenteret fleire hundre tusen kroner.

Vikingskip

STRANDA INNE: Myklebustskipet er ein kopi av det største vikingskipet som det er funne spor etter i Noreg.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

Kunnskapssenteret Sagastad på Nordfjordeid opna med «pomp og prakt» i 2019. Sjølve juvelen i samlinga er ein kopi i full storleik av Myklebustskipet som vart funne i bygda i 1874. Originalen er det største vikingskipet det er funne spor av i Noreg.

I dag står skipet inne, men om sommaren ønskjer dei å syne det fram til besøkande på fjorden. Men det var ein ting formidlarane av norsk vikinghistorie ikkje tenkte på då dei bygde senteret.

– Stranda utanfor senteret er veldig langgrunn, og difor må vi utvide slippen som vi dreg ut skipet på med 30 meter, forklarar dagleg leiar ved Sagastad, Eli Førde Aarskog.

Sjøsettinga av Myklebustskipet

LANGGRUNN STRAND: Senteret må utvide slippen slik at dei klarer å sjøsetje skipet på stranda utanfor senteret der skipet står om vinteren. Dette biletet er frå opninga av Sagastad då skipet låg oppankra utanfor utstillingshallen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ho vedgår at dei burde ha tenkt på dette då senteret vart bygt, men då dei oppdaga utfordringane trudde dei dei var ei enkel sak å få det fiksa.

– Men då var det ein luring som sa at vi kanskje måtte søke kommunen, seier Aarskog.

Og der står saka i dag. Planen var å sjøsetje skipet i år, men så langt står det framleis trygt under tak.

– Sakshandsamarane er bundne på hender og føter av regelverket, seier Aarskog.

Måtte hyre inn hjelp

– Vi prøvde å argumentere med at båtstøa er der og vi skal berre utvide slippen, men svaret var det same, fortel Aarskog.

– Utvidinga vert sett på som eit nytt tiltak då byggesaka som omfattar oppføring av Sagastad er avslutta med ferdigattest, seier Roar Sætre, fagleiar i byggesaksavdelinga i Stad kommune.

Eli Førde Aarskog

OPPGITT: Dagleg leiar Eli Førde Aarskog ved Sagastad på Nordfjordeid.

Foto: Pressefoto

Aarskog fekk ei liste over ting søknaden til kommunen måtte innehalde.

– Då forstod vi at vi ikkje har kunnskap om dette og hyra inn konsulent som måtte gjere fleire grep for å oppfylle krava for å sende inn søknaden, seier ho.

Kommunen krev mellom anna miljøtekniske undersøkingar og geoteknisk rapport.

Myklebustskipet

MYKLEBUSTSKIPET: Målet er å få vikingskipet på fjorden igen slik at det kan sigle med passasjerar.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Dyrt og tidkrevjande

– Totalkostnaden med å utvide båtstøa kjem no til å passere ein halv million kroner, seier Aarskog.

Det heile kunne vore unngått dersom slippen vart laga i nødvendig lengde då den stod klar i 2019.

– Det er veldig synd at det ikkje blei ordna med ein gong. Og så er det synd at planavdelinga i kommunane må ha så mykje arbeid med ting som er såpass opplagt som dette, meiner den daglege leiaren.

Kommunen har gjeve dispensasjon og rammeløyve for utvidinga. Men løyve til igangsetting står att.

– Vi er positive til at tiltaket vert gjennomført, seier Sætre.