Hopp til innhold

Praktskipet til 1,4 milliardar er bygd for å knuse is – tolte ikkje turen til ishavet

Forskingsskipet «Kronprins Haakon» til 1,4 milliardar er på reparasjon for tredje gong på eitt år. No kan saka gå til ny runde i retten – igjen.

Havforskingsinstituttet sitt forksingsskip Kronprins Haakon ligg i tørrdokk ved Westcon Yards i Florø for reparasjon.

SKADD ETTER MØTE MED ISEN: No må skipet målast igjen sidan arbeidet ikkje var gjort rett første gongen.

Foto: Sunniva Knutsen / NRK

Isbrytaren «Kronprins Haakon» blei bygd på eit verft i Italia, og stod ferdig i 2017.

Skipet kosta 1,4 milliardar kroner å bygge og er rekna som det einaste av sitt slag. Det er eit høgteknologisk forskingsskip med 15 laboratorium.

Havforskingsinstituttet sette det i drift i 2018.

Då starta også problema.

I juli 2019 måtte «Kronprins Haakon» og mannskapen avbryte eit tokt i Arktis etter skipet fekk skadar på skroget i ishavet. Dette skjedd trass i at skipet er bygd som ein isbrytar.

Feil påført måling

Skipet blei teke inn på Hamek verft i Harstad. Der var det avdekka at ismålinga på skroget var feil påført av italienarane. Ismåling er ei spesiell måling som skal beskytte skroget mot skade i islagde hav.

I månadsskiftet januar-februar i år blei fremre del av skroget sandblåst og måla på nytt på Hamek.

Kronprins Haakon i Framstredet

HØGTEKNOLOGISK: Forskingsskipet har 15 laboratorium og er spesialbygd for å drive forsking i Arktis og Antarktis.

Foto: Kit Kovacks & Christian Lydersen

22. juni gjekk skipet i tørrdokk på Westcon Yards i Florø. Her har dei reparert bakre del av skroget. Rekninga frå dette ligg på opp til 9 millionar kroner, og skal bli dekka av italienarane.

Reparasjonane var reklamasjon. Dette har ført til fleire rettslege oppgjer mellom Havforskingsinstituttet og det Italienske verftet, Fincantieri.

NRK har vore i kontakt med Fincantieri-verftet. Dei ønskjer ikkje å kommentere saka.

Går mot ny runde i retten

I 2018 gjekk dei til valdgiftssak, ein privat rettargang for å løyse konfliktar. Dommane her kan ikkje ankast. Begge partar vann på nokre punkt, opplyser reiarlagssjef i Havforskingsinstituttet, Per Nieuwejaar

Hausten 2019 gjekk dei til sak i Oslo tingrett. Også her vann begge partar på kvar sine punkt. Ingen av dei anka dommen.

Nieuwejaar seier dei enno ikkje er samde i alle garantisakene.

– Vi er no inne i ein prosess der vi lukkar fleire av garantisakene. Kva utfallet blir er ikkje gitt, men forhåpentlegvis blir vi samde om eit sluttoppgjer. Om ikkje må vi bruke valdgift eller gå til rettssak på nytt.

Rust på Kronprins Haakon, forskingsskipet til Havforskingsinstituttet.

RUST: Den raude ismålinga er skrapa vekk heilt inn til stålet. Då kan målinga ha vore for tynn eller forarbeidet for dårleg.

– Vanskelege diskusjonar

Reiarlagssjefen strekar under at dei er strålande nøgde med «Kronprins Haakon» utover reklamasjonsarbeidet, og seier skipet har fungert bra til forsking.

Han seier det ikkje er unormalt at det oppstår usemje mellom reiarlag og verft, men han vedgår at det i dette tilfellet har vore store diskusjonar.

– Det blir fort vanskelege diskusjonar, og det blei det i ganske stort omfang i dette prosjektet.

Under toktet som blei avbrote i fjor, fekk skipet skader på skroget, som i teorien skulle ha vore beskytta av ismålinga.

Målinga blei skrapa vekk

På bilete NRK har fått tilgang til ser ein at det kvite botnstoffet på skipet var heilt skrapa vekk, som er å vente i ishav.

Det som ikkje er så bra, var at den raude ismålinga òg var skrapa vekk – nokre stader heilt inn til stålet. Det har ført til rustskadar i skroget.

Dette kan ha skjedd fordi stålet kan ha blitt for lite behandla før målinga vart påført, eller så kan målinga ha blitt påført for tynt.

Skade på Kronprins Haakon.

SKRAPA VEKK: Både det kvite botnstoffet og den raude ismålinga er skrapa vekk etter toktet i Arktis. Her frå dokka til Westcon i Florø