Hopp til innhold

Noregs eldste vart 108 år søndag

Vidar Eide vart fødd om lag fire veker før første verdskrig braut ut. Søndag feira han sin 108. bursdag.

Vidar Eide

BUR HEIME: Vidar Eide er 108 år, og bur i det same huset som han vart fødd i.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vidar Eide går gjennom ein smal gang med brune vegger, så gjennom kjøkenet, for å koma til stova. Han tek korte, rolege steg ved hjelp av gåstolen.

– Eg er ikkje så sprek i beina, seier han i det han set seg i godstolen.

Men det er også forståeleg. Skulle Vidar hatt lys på kaka søndag, måtte han ha blåst ut 108 av dei.

Vidar vart fødd 3. juli i 1914. Det er 108 år sidan.

– Dei påstår at eg er landets eldste mann, smiler han.

Ifølgje Wikipedia er han den eldste nolevande personen i Noreg.

Gammalt hus på Eide

HEIME: I huset frå 1887 har Vidar budd sidan han vart fødd.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Budd her heile livet

Vidar er fødd og oppvaksen i Tørvikbygd i Hardanger. Han bur framleis i huset han vart fødd i. Han er bonde og har drive med kyr og mjølkeproduksjon heile livet. Samstundes har han drive handverksarbeid, og blant anna laga mange trebåtar.

Medan Vidar har mjølka kyr, slått gras og bygd trebåtar, har samfunnet utvikla seg rundt han.

For å setta ting litt i perspektiv:

  • Noreg som Sverige-fritt land er berre ni år eldre enn Vidar. Unionsoppløysinga var i 1905, ni år før Vidar såg dagens lys.
  • Han vart døypt i Jondal kyrkje den dagen den første verdskrigen braut ut: 28. juli 1914.
  • Det var litt over 1200 køyretøy i Noreg i 1914. Altså personbilar, drosjar, motorsyklar, lastebilar og bussar. Bygarasjen i Bergen har 2205 parkeringsplassar, for å koma med ei samanlikning.
  • Det er berre fem av dei moderne olympiske leikane han ikkje har levd gjennom. Athen i 1896, Paris i 1900, St. Louis i 1904, London i 1908 og Stockholm i 1912.
  • Eide var allereie over halvvegs til 100 då «ungfolen» – i alle fall samanlikna med Vidar – Neil Armstrong vart første menneske på månen. Eide fylte 55 år nokre veker før den amerikanske astronauten sa dei berømte orda «That's one small step for man, one giant leap for mankind» i 1969.
Vidar Eide

STOVA: Det har blitt nokre timar i stova i løpet av sine 108 år.

Foto: Tale Hauso / NRK

Hemmelegheita

Og så er det tid for det tilbakevendande spørsmålet til alle dei som passerer 100 år og vel så det: kva er hemmelegheita for å leva så lenge?

– Eg har teke tida til hjelp, ler bursdagsbarnet.

Men noko ekstra må det vel likevel vera? Ein livseliksir som gir oss det vesle ekstra i kampen mot tida?

Nokre har sverja til tran og mosjon. Andre til whisky og sigarar.

Og Vidar Eide sitt tips?

Mjølk. Masse mjølk.

– Det er nok ingen i landet som har drukke så mykje mjølk som meg, seier den 108 år gamle bonden.