Hopp til innhold

Noreg treng meir arbeidskraft – Iselin (30) meiner vegen til nytt yrke er for vanskeleg

Iselin Alfheim ville omskulera seg til nytt draumeyrke på grunn av helseproblem, men måtte gje opp. – Eg prøvde alt.

Iselin Alfheim

Iselin Alfheim er frustrert over at systemet er lite tilrettelagt for dei som vil skifta yrke.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Alfheim måtte skifta yrke frå helsefagarbeiar på grunn av helsa.

Ho har jobba som helsefagarbeidar i åtte år, men kvardagen med mykje handvask og handsprit førte til alvorleg handeksem.

Det var ikkje lenger ei moglegheit å vera helsefagarbeidar resten av yrkeslivet.

Men ho opplevde vegen til nytt yrke som svært kronglete.

Med papir frå legen kontakta ho Nav.

– Der fekk eg beskjed om at det ikkje fanst noko som heitte omskulering gjennom Nav, så eg måtte prøva sjølv.

Helsefagarbeidarjobben trappa ho gradvis ned. Ho fekk òg arbeidsavklaringspengar frå Nav.

Samtidig gjorde ho undersøkingar: Kva fagområde har ledige jobbar? Kvar vil eg trivast? Kva inntekt vil det gi?

Til slutt hadde ho bestemt seg: Ho ville bli prosessoperatør og aller helst enda opp med ein jobb offshore.

NRK møtte Iselin Alfheim tidlegare denne månaden i samband med ei stor NAV-undersøking om mangel på arbeidskraft.

Les også Bedriftene skrik etter sånne som Iselin (30): – Mangel på arbeidskraft er komen for å bli

Iselin Alfheim jobbar.

Kjem seg ikkje vidare

Den ordinære vegen mot å bli prosessoperatør, går via vidaregåande skule, på linja teknikk og industriell produksjon.

Fordi Alfheim verken har ungdomsrett eller vaksenrett, hadde ho små sjansar for å koma inn.

– Det er mange som søker utan å ha rett på plass, men då vil ein prioritera dei som har rett på plassane først, seier Tor Ivar Sandvik, seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune.

Alfheim hadde flaks. Nokon valde å hoppa av tidleg i skuleåret, og ho fekk den ledige plassen.

– Me tek inn søkarar der det er ledig, sjølv om dei ikkje har rett på plassen. Men då kan ein uheldig konsekvens vera at dei ikkje får plass på vg2 året etterpå, seier Sandvik.

Og det var det som skjedde ved Alfheim. Dei gode karakterane ho hadde fått førsteåret hadde ingenting å bety.

Hausten 2021 var det mange som ville det same som ho. Andreåret med kjemiprosess var fullt, og ho hamna bakarst i køen.

Ho kom seg ikkje vidare.

– Eg prøvde alt.

Ho ringde rundt til skular kvar veke for å sjekka om nokon hadde slutta, prøvde å få lærlingplass i bedrifter utan å ha gått andreåret, og føreslo for opplæringskontoret at ho kunne vera elev ved ein skule og følgja undervisinga ved ein annan.

Eit stykke ut i skuleåret fekk ho plass fire timar heimanfrå.

– Eg vurderte å kjøpa meg ein bubil og vekependla, men eg har to barn. Det er ikkje så enkelt å flytta, seier ho.

Iselin Alfheim

Vegen mot å bli prosessoperatør blei kronglete, og Alfheim jobbar i dag som møbelsnikkar.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Kan koma ei moglegheit

Sandvik i fylkeskommunen peikar på at det truleg vil bli endringar når regjeringa skal handsama den nye opplæringslova neste vår. Ein del av dette arbeidet handlar om «Fullføringsreformen», som Solberg-regjeringa la fram våren 2021.

Der blir det peika på at ein i tillegg til å ha rett til å fullføra vidaregåande, skal ha ein rekvalifiseringsrett.

Det betyr at alle med fullført vidaregåande med studie- eller yrkeskompetanse skal ha rett til å ta ein ny yrkeskompetanse.

Sandvik peikar på at det med dagens lovverk er det eit paradoks i skiljet mellom høgare utdanning og yrkesutdanning.

– Du kan ta så mange bachelorgrader eller mastergrader du ønskjer deg, men når du tek eit fagbrev så stoppar det der, seier han.

Kunnskapsdepartementet opplyser at sjølv om det er etablert fleire ordningar for å gjera det enklare for vaksne å ta opplæring, så kan systemet likevel bli betre.

I ein e-post til NRK skriv dei mellom anna at «Det er behov for opplæringsopplegg som passar godt for vaksne arbeidssøkarar(...)» og at «Det er viktig med fleksible opplæringsløp som kan tilpassast den enkelte sin livssituasjon».

– Eit satsingsområde

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) seier at det har vore ein auke i deltakarar innan fag- og yrkesopplæring på vidaregåande dei siste åra.

– Det skjer no ei tydeleg prioritering for Nav sine brukarar.

Er systemet, slik det er i dag, godt nok?

– Det er mange positive ting med det systemet som me har i dag.

Marte Mjøs Persen

ULIKE VEGAR: Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) seier mykje er bra med systemet i dag.

Foto: Mathias Moene Rød / Mathias Moene Rød

Persen peikar på at det finst mange ulike prosjekt for å få folk ut i arbeid.

– Eg trur på at det er viktig at me har ulike vegar til det same målet, nemleg å kvalifisera dei som står utanfor arbeidslivet til arbeid.

Jan Erik Grundtjernlien, avdelingsdirektør i Nav, seier at han ikkje kjenner til den konkrete saka der Alfheim fekk beskjed om at Nav ikkje hadde noko som heiter omskulering.

– Me brukar ikkje omgrepet omskulering lenger, men alle som vender seg til Nav har rett til å få vurdert sitt behov. Eg kan ikkje sitja her med rak rygg og seia at det ikkje har blitt gitt ikkje-tilstrekkeleg informasjon i den situasjonen, seier han.

Han peikar på at Nav har eit tydeleg regelverk.

Avdelingsdirektør Jan Erik Grundtjernlien i Nav

– Om du slit med å koma i jobb på grunn av manglande utdanning eller av helsemessige årsaker, så er det heilt naturleg å venda seg til Nav. Då er moglegheita stor for at du kan få hjelp til å koma ut i jobb av Nav, seier han.

– Ikkje lyst til å gi meg

Iselin Alfheim har førebels gitt opp draumen om å bli prosessoperatør.

– Eg mistar jo litt motet då. Det er veldig synd, og eg har ikkje lyst til å gi meg.

Då ho ikkje kom vidare i fjor haust, kontakta ho Nav igjen.

Ho fekk plass på eit kurs i bygg og anlegg, som enda med ti dagar praksis hjå Vestlandske heiltremøblar. Der fekk ho fast jobb.

Iselin Alfheim

Frå Alfheim skjønte at ho måtte skifta yrke til ho byrja i sin nye jobb, gjekk det nærare fem år. – Eg brukte lang tid på å finna ut kva eg ville. Du byrjar ikkje på skule utan å vera sikker når du er vaksen.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Ho trivst godt som møbelsnikkar og kan på sikt ta fagbrev i bedrifta ho jobbar i.

Førebels er det litt surt å måtta betala ned på studielånet frå det eine året ho fekk gå på vidaregåande.

Etter at NRK skreiv om ho, har ho fått mange meldingar frå andre som synest vegen til eit nytt yrke er kronglete.

– Dei som ikkje har det pågangsmotet som eg har, men har lyst til å skifta yrke, dei slit. Og då endar det jo opp med at folk ikkje kjem seg vidare.

Les også Sunniva (18) er redd for å bli banket opp på russetreff

Sunniva Stene, russ på Fosen