Hopp til innhold

Noreg støttar afrikansk forslag om å hindre scener som dette

Det bør blir vanskelegare å frakte skadeleg elektronisk avfall til Afrika, foreslår Ghana og Sveits. Noreg støttar innstramminga. Naturvernforbundet jublar.

Mohammed Awal på søppeldynga i Ghana

LEITAR ETTER KOPAR: Mohammed Awal har ikkje verneutstyr å bruke når han leitar etter kopar på søppeldungen i Ghana. Her endar el-avfall frå Europa opp.

Foto: Kjersti Knudssøn / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kvart år blir tusenvis av tonn med el-avfall frakta ulovleg ut av Noreg og frakta til Afrika.

Brukte bilar og utgåtte kjøleskap endar opp på store bosshaugar som i Agbogbloshie i Ghana.

Der leitar lokalbefolkninga etter edle metall utan verneutstyr som hanskar og maske. Mange blir sjuke.

I 2019 spora NRK bosset si reise frå Bergen til Ghana i Brennpunktdokumentaren Søppelsmuglerne.

Mohammed Awal jobber på skrap-plassen Agbogbloshie, j Accr

I GHANA: – Vi jobbar heile dagen. Vi veit arbeidet vil gjere oss sjuke, men vi har ikkje noko val, sa Mohammed Awal til NRK Brennpunkt i 2019.

Foto: Kjersti Knudssøn / NRK

Heime i Noreg har Miljødirektoratet foreslått at returpunkt må sikre at kvitevarer ikkje blir stolne. Forslaga er no på høyring.

Men det er internasjonalt den store jobben må gjerast.

No har Ghana og Sveits foreslått å stramme inn på den såkalla Basel-konvensjonen, regelverket for transport av farleg avfall.

Dei vil innføre ein obligatorisk kontroll med kven som eksporterer og importerer elektrisk og elektronisk avfall (ee-avfall) på tvers av landegrenser og kontinent.

Noreg støttar innstramminga.

– Forslaget vil sørge for at ein ikkje kan handle ee-avfall fritt, men at ein må vite kven som er ansvarleg for det. Då kan ein slå ned på miljøkriminalitet i samband med handel av slikt avfall, seier klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn (V) til NRK.

Departementet opplyser at strafferamma er bøter eller fengsel inntil to år.

Kjøpeskap til salgs i Ghana

KJØLESKAP I GHANA: Kjøleskap blir stolne ved returpunkt i Noreg, og kan hamne opp til sals i Ghana.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Hermar etter plast-tiltak

Det skal altså bli enklare å stanse ulovleg frakt av returavfall.

Forslaget frå Sveits og Ghana skal opp til behandling i juni 2022, og Noreg vil jobbe for at det blir vedteke.

Forslaget liknar det Noreg fekk gjennom for plastavfall i 2019: at landa sjølve må godkjenne import av denne typen avfall før det blir tatt inn i landet.

– Ee-avfall kan vere ganske verdifullt, men det kan også innehalde ein rekke stoff som er farlege for miljøet. Viss det ikkje blir handtert på ein god og trygg måte er det fare for at du får miljøskadar når det blir eksportert, seier Rotevatn.

Stortingsmeldingen "Klimaplan for 2021-2030"

STØTTAR FORSLAGET: Klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Berit Roald / NTB

Statsråden peikar på at mange afrikanske land i dag tek imot store mengder ee-avfall, men manglar system for å handtere dette avfallet på ein forsvarleg måte.

– Får ein gjennomslag for desse nye reglane, vil landa i større grad kunne avgjere kva ee-avfall dei tek i mot og gi moglegheiter for å bygge kapasitet for betre handtering. Det at Ghana fremmar forslaget i lag med Sveits viser at det er stor stønad frå dei afrikanske landa, meiner Rotevatn.

Naturvernforbundet jublar

– Dette er veldig bra og heilt nødvendige miljøtiltak, seier Joakim Gulliksen, fagrådgjevar i Naturvernforbundet.

Joakim Gulliksen

GLER SEG: Joakim Gulliksen i Naturvernforbundet meiner innstramminga er viktig for å dempe forbruket.

Foto: Naturvernforbundet

– På same måte som det er stramma inn på avfallseksport av plast må vi sørge for at heller ikkje ee-avfall blir dumpa på land i sør.

Han meiner at innstrammingane også vil stimulere til at produkt blir laga slik at dei får lenger levetid, og til meir reparasjon og gjenbruk.

– Det er sentrale verkemiddel for å få redusert det miljøskadelege overforbruket vi har i den vestlege verda, og ikkje minst i Noreg, seier Gulliksen.

Samstundes meiner han dette ikkje er nok, men eit steg på vegen.

– Dette er eit fremsteg, det tillét vi oss å juble over, men vi er ikkje i mål før heile verdikjeda tar ansvar for miljøbelastninga frå forbruket vårt. Derfor forventar vi meir framover for fleire ledd i verdikjeda og typar produkt.