Hopp til innhold

Noreg skal verne meir av Noreg

Internasjonal avtale om å verne 30 prosent av naturen aukar presset på norske utbyggingsprosjekt. No startar arbeidet med ein ny naturplan.

Ringstind i Hurrungane

STORE RINGSTIND I HURRUNGANE: – Vi mistar meir og meir av naturen vår. Vi som brukar mykje tid ute i naturen er nøydd til å bli politisk aktive for å verne han, seier Vegard Aasen. Denne veka lanserte han prosjektet Light Lines for å «kaste lys over naturkrisa».

Foto: Vegard Aasen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Regjeringa annonserte i dag at dei startar arbeidet med ein ny nasjonal naturplan.

Bakgrunnen er FN sin naturavtale som vart underteikna i Montreal før jul.

Ifølgje regjeringa gjer avtalen det presserande å «oppdatere forvaltninga og nedkjempe årsakene til nedbygging og forvitring av økosystem».

Ei ny stortingsmelding vil setje retninga for den vidare innsatsen for natur, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Dagens handlingsplan for naturmangfald («Natur for livet») vart vedteken av Stortinget i 2015.

NRK har tidlegare skrive at Montreal-avtalen har byrja å slå inn i norsk politikk og alt set fleire store veg- og hytteprosjekt i spel.

I Energikommisjonen, som la fram sin rapport sist veke, seier eit mindretal av medlemmene (4 av 15) at målet om meir vind- og vasskraft kan kollidere med det nye naturregimet.

Les også Naturavtale vedtatt: – Naturen fikk endelig sitt Parisøyeblikk

jubel for avtale

På Stortinget har energi- og miljøkomiteen på kort tid fått fleire nye forslag å ta stilling til. Alle med den «revolusjonære» naturavtalen som brekkstong.

I eit av forslaga heiter det at den nye avtalen, som vart underteikna av 193 land, spenner bein på følgjande prosjekt:

Kjøsnesfjorden

I Sunnfjord har kampen mot «alpetilstandar» og ein gondol i Kjøsnesfjorden fått fornya kraft etter Montreal-avtalen.

Foto: Torje Bjellaas, NRK

Klimadepartementet mista ansvar i 2013

I endå eit forslag vert den nye naturavtalen brukt som argument for at hovudansvaret for norsk arealforvaltning blir ført tilbake til Klima- og miljødepartementet.

Klimadepartementet «mista» dette ansvaret til Kommunal- og moderniseringsdepartementet då Solberg-regjeringa tiltredde i 2013.

Grepet vart akkompagnert av to rundskriv der Solberg-regjeringa presiserte at statsforvaltarane skulle «avgrense bruken av innvendingar» og vektleggje lokaldemokratiet sterkare.

Påstanden til MDG er at dette i sum har svekt naturinteressene, demonstrert ved tal frå Riksrevisjonen som viser at 43 prosent av innvendingane til statsforvaltaren vart tekne til følgje av departementet i 2010–2013.

For perioden i 2014–2017 er det tilsvarande talet 22 prosent.

Det internasjonale naturpanelet (IPBES) vedtok i 2019 den hittil mest omfattande tilstandsrapporten om jordas natur og biomangfald.

Rasmus Hansson, MDG

– Alle skjønner at naturomsyna blir sterkare om Klima- og miljødepartementet får ansvaret, seier Rasmus Hansson (MDG).

Foto: Heiko Junge / NTB

Det er få enkeltvedtak som har gjort så stor skade

Det er få enkeltvedtak som har gjort så stor skade på norsk natur som å ta frå Klima- og miljøministeren ansvaret for arealforvaltninga i Noreg, seier Birgit Oline Kjerstad, som er stortingsrepresentant for SV.

Ho legg til:

No må Arbeidarpartiet, som i si tid oppretta verdas første miljøverndepartement, sørgje for at Klima- og miljøministeren igjen får handa på rattet og betre styring over arealforvaltninga.

Les også Staten vil forby å ta ut torv frå myr

Myr, Ørskogfjellet

Sist torsdag sa likevel eit fleirtal Stortinget nei til å behandle forslaget, med grunngjevinga at dette var eit spørsmål som regjeringa, og ikkje Stortinget, burde ta stilling til.

Vi støttar ikkje eit forslag basert på reine særinteresser, som ikkje tek inn andre samfunnsinteresser, seier Terje Halleland (Frp).

Han viser til at andre gode formål kan kome på kant med naturinteresser, og at ingen er tent med ein situasjon der regelverket kjem i vegen for demokratisk funderte avvegingar.

Birgit Oline Kjerstad på haramsfjellet.

– Det er få enkeltvedtak som har gjort så stor skade på norsk natur som å ta frå klima- og miljøministeren ansvaret for arealforvaltninga i Noreg, seier Birgit Oline Kjerstad (SV).

Foto: Remi Sagen / NRK

Engasjementet for natur er like sterk i kommunane som på Stortinget

Tilsvarande signal kjem frå KS-direktør Helge Eide. Til NRK seier han at «engasjementet for å bevare natur er minst like sterk i kommunane som på Stortinget», og at kommunaldepartementet er ein «naturleg stad» å plassere ansvaret for arealforvaltning.

Konflikten mellom lokalt sjølvstyre og nasjonale naturmål, går tvers gjennom fleire miljøkampar dei siste åra.

Sist symbolisert ved ein tursti i Sogndal, der Statsforvaltaren i Vestland har oppmoda kommunen til å undersøkje om tiltaket er i strid med Plan- og bygningsloven.

Les også Tursti vart til tofeltsveg

Tursti ble til tofeltsveg

Rasmus Hansson (MDG) gler seg over korleis Montreal-avtalen slår inn i norsk politikk, men seier han er ditto skuffa over at Stortinget ikkje vil sjå på forslaget om å ruste opp klimadepartementet.

Noreg kan berre gløyme å få oppfylt nye, store naturvernambisjonar viss Stortinget ikkje eingong vil diskutere å styrkje naturforvaltninga.

Les også Noe skurrer i denne skogen: Her starter vår jakt på sannheten

Skogen i Vermedalen, sett fra luften

En rekke trær ligger over et området Hvor Nordvik er. Han er på vei nedover en skråning, ut av bildet til venstre.mbak ham ligger og hviler flere trestammer på hverandre.

VIKTIG SKOG: – Utrolig at denne døde veden ikke er miljøregistrert før, sier eksperten.

Foto: André Fagernæs-Håker
Nærbilde av en gammel og våt trestamme som ligger i skogen.

«GAMMEL BARSKOG»: Bildene er fra i fjor. Området ble i 2008 vurdert som «gammel barskog».

Vi ser en åpning i skogen  hvor det ligger stein og døde trær dekket av mose og planter. I bakgrunnen står det trær med hengelav.

VERDIFULL: Skogen ble vurdert til nest høyeste naturverdi.

MIS - natur-biotop - Vermedal #12

DØD VED I DAG: I ulike nedbrytningsstadier.