Hopp til innhold

Norske krefter mobiliserer mot «svartelisting» av vasskraft

Europaparlamentet vil i morgon ta stilling til om vasskraft er berekraftig eller ikkje. I mellomtida mobiliserer begge sider.

Tjørnadalsfossen

TJØRNADALSFOSSEN: EU vil påleggje vasskraft strengare restriksjonar og miljøkrav. Parlamentet voterer over saka denne veka.

Foto: Stig Tronvold / Samfoto

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I ein siste innspurt har fleire av dei støre kraftselskapa i Noreg vendt seg direkte til alle medlemmane i EU-parlamentet.

I eit brev som er underteikna av Eviny, Statkraft, Energi Noreg, Småkraftforeninga og 40 andre selskap ber dei parlamentet om å leggje vekk innstillinga som seier at nybygde vasskraftverk og eksisterande småkraftverk ikkje skal reknast som berekraftige eller takast med i klimarekneskapen.

Europaparlamentet voterer over saka på plenumsmøtet i Strasbourg i morgon, tysdag.

Dette bør vere ein saksbehandlingsfeil, elles så demonstrerer EU her ei så mangelfull røyndomsforståing at det rett og slett er skremmande, seier energipolitisk talsperson i Frp, Marius Arion Nilsen.

Men forslaget er reelt, og det er ikkje første gong at EU-krefter vil påleggje vasskraft strengare restriksjonar og miljøkrav.

Medlemma av EU-parlamentet stemmer for å ha gass og kjernekraft på lista over berekraftige investeringar.

Norske kraftselskap ber EU-parlamentet om å leggje vekk innstillinga som seier at nybygde vasskraftverk ikkje skal reknast som berekraftige.

Foto: Jean-Francois Badias / AP

Stor motstand i Aust-Europa

I delar av Europa, særleg i aust og på Balkan er det ein stor motstand mot vasskraftutbygging.

Denne gongen står striden om to konkrete tilleggsforslag til rapporten om Fornybardirektivet.

Dei to tillegga vart opphavleg fremja av EU-parlamentarikarar frå Slovakia og Romania. Forslaga har sidan vorte modererte i Energikomiteen.

For tre år sidan mobiliserte norske styresmakter rund baut då revideringa av EUs klassifiseringssystem (taksonomien) la opp til at norsk vasskraft ikkje lenger skulle reknast som berekraftig.

Grunngivinga til EU var «dei betydelege naturinngrepa som denne forma for fornybar energi inneber».

Taksonomien er til for å styre investeringar i retning berekraftig verksemd.

Skal det ingen ende ta?

Det norske arbeidet vart krona med ein førebels siger i mai 2021 då vasskrafta likevel fall innanfor EUs definisjon av berekraftig aktivitet.

No er altså statusen i spel igjen.

Skal det ingen ende ta? Ikkje før er dei verste forslaga frå taksonomien hindra før vi får nye angrep på småkrafta, seier Øystein Grundt, som er spesialrådgivar for vasskraft i Småkraftforeninga.

Tilsvarande signal kjem frå Høgre, ved Bård Ludvig Thorheim:

Vassdirektivet gir ein brukbar balanse mellom å ta vare på viktige vassverdiar og ein berekraftig bruk av ressursane. Vi ser ingen fornuftig grunn til å lage eit alternativt regelverk for vasskraft slik det blir foreslått her, seier han.

Om tilleggsforslaga skulle bli vedteke i morgon, er likevel ikkje siste ord sagt. Det er i forhandlingane mellom Rådet og parlamentet at den endelege teksten vert forma.

Frå norsk miljørørsle er synet på norsk vasskraft meir ambivalent.

Det er ikkje all norsk vasskraft som er miljøvennleg, og mange anlegg har langt igjen før dei kan karakteriserast som miljøvennlege. Det bør kraftbransjen og norske styresmakter ta konsekvensane av, ikkje prøve å lobbyere seg rundt, seier Truls Gulowsen, som er leiar i Naturvernforbundet.

– Dette handlar om å ta vare på livet i elva; på laks, aure og elvemusling. Då kan vi ikkje akseptere rare tolkingar basert på interessene til energilobbyen, seier Christian Steel, generalsekretær i Sabima.

Truls Gulowsen ved salamanderdammen i Vestby våren 2022.

– Det er ikkje all norsk vasskraft som er miljøvennleg, seier Truls Gulowsen, som er leiar i Naturvernforbundet. 

Foto: Rushda Syed / NRK

Håpar dei tek inn over seg innvendingane

Rune Indrøy er konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Eviny. Til NRK seier han at «vasskraft som fornybar, berekraftig og regulerbar energi blir undervurdert i EUs energipolitikk» og at dei to forslaga illustrerer dette.

Det er vårt håp at dei folkevalde EU-politikarane tek inn over seg innvendingane frå ei samla europeisk vasskraftnæring. Ubalanserte miljøkrav som blir retta mot vasskraft vil forseinke den europeiske overgangen til eit fornybart energisystem, seier han.

Direktør for fornybar og miljø i Energi Noreg, Eivind Heløe, er også håpefull.

Vi er ikkje overraska over at krefter prøver seg på omkamp om gjennomslaga våre på vegner av den mest effektive og fleksible fornybarkjelda – vasskrafta. Vi har likevel tru på at dei gode argumenta våre vinn igjennom til slutt.

Les også EU reknar gass og kjernekraft som berekraftige investeringar

Ein arbeidar på eit gasskraftverk i Vadu i Romania gjer ein rutinesjekk. Kraftverket brukar gasressursar frå Svartehavet. EU