Hopp til innhold

Noreg kan spare éin million på at Ingrid sluttar å gå i trappa

Ny velferdsteknologi og smartare planløysingar gjer at eldre kan bu heime mykje lenger. Det sparer samfunnet for store utgifter.

Husombygging, Ingrid Seljestokken (68) har bygd om huset slik at dei slepp å gå i den bratte trappa i huset.

BRATT: Etter ombygging i heimen er trappa til Ingrid pensjonert.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fleire eldre bør gjere som Ingrid og Torleif Seljestokken, meiner staten.

Medan dei enno er friske og raske har dei har bygd om huset sitt frå 70-talet for å få alt på eit plan.

Slik kan dei framleis bu heime på Seljestokken, nord for Florø. Sjølv om helsa skulle skrante.

– Vi håpar å få bu her lenge, seier Ingrid Seljestokken.

Paret er langt frå pleietrengande men om behovet ein gong skulle kome kan samfunnet spare millionar på at eldre kan utsetje å flytte på sjukeheim.

Husombygging. Ingrid og Torleif Seljestokken

9 av 10 eldre ønsker å bu heime. Ingrid og Torleif er blant dei.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Fleire må bu heime

Ein sjukeheimsplass kostar rundt éin million kroner i året.

Talet på sjukeheimsplassar i Noreg går ned, samtidig som talet på eldre går opp.

– Det er lønsamt for samfunnet at vi bur heime så lenge som mogeleg. Men då må vi vere friske nok til det, seier Bettina Husebø.

Ho er professor ved Universitetet i Bergen og leiar for senter for alders- og sjukeheimsmedisin.

Presset på sjukeheimsplassar vil auke særleg frå 2025, for då vil den store etterkrigsgenerasjonen nå 80-årsalderen.

I prognosane til Statistisk sentralbyrå vil det vere nesten 485.000 over 80 år i 2040.

I dag er talet 240.000.

På same tid er det 40.000 sjukeheimsplassar i landet.

Ei av løysingane på misforholdet er å legge til rette for at folk kan bu heime lenger.

Har flytta vaskerommet opp

Ingrid og Torleif har i fleire år gått ned den bratte trappa for å komme til vaskerommet og frysaren i kjellaren.

Etter at dei kjende på dårlege kne i slutten av 60-åra valde dei å ta grep.

– Vi har bygd på huset og flytta vaskerommet opp, slik at vi ikkje lenger treng å bruke trappa, seier Ingrid som no har alt ho trenger på eitt plan.

Husombyggingm Ingrid Seljestokken viser fram oppgradert vaskerom i første plan.

Vaskemaskin og tørketrommel er for første gong på same plan som badet og kjøkkenet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Fleire er nøydde til å bu heime

– Vi ser at nokre bygger om bustaden, men ikkje så mange som burde gjere det.

Det seier Carsten Henrik Pihl, forbrukar- og kommunikasjonssjef i Huseiernes Landsforbund.

Undersøkingar dei har gjort saman med Pensjonistforbundet viser at 9 av 10 ønsker å bli buande heime.

– Fleire er nøydde til å bu heime, men då må bustaden tilpassast. For eksempel med fysiske tilpassingar eller ulike formar for velferdsteknologi.