Hopp til innhold

Noreg har ikkje mange som kan gjere denne jobben

Dei er spesialtrente og hentar ut omkomne frå raset på Gjerdrum. Men Noreg manglar ei nasjonal spesialgruppe som kan berge folk ut av samanraste hus.

Leteaksjonen i Gjerdrum pågikk i hele natt. 3.1.2021

LEITAR ETTER SAKNA: Spesialstyrkar frå brannvesenet leitar etter sakna i dei samanraste husa på Ask i Gjerdrum.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Du har heilt sikkert lese om dei og sett dei på bileta frå katastroferaset på Ask i Gjerdrum. Brannmannskapa som tek seg ned i rasområdet, og som søkjer gjennom samanrasa hus og bygningar på leit etter sakna personar. Så langt har dei funne fem omkomne i det enorme krateret på Romerike.

Men det finst ikkje mange av desse spesialtrente brannmannskapa i Noreg. Difor måtte og ei USAR-gruppe (Urban Search and Rescue) frå Sverige stille opp for å hjelpe til.

I alt finst det fem brannvesen i Noreg som på eige initiativ har oppretta USAR-grupper; Nedre Romerike, Oslo, Bergen, Trondheim og Ålesund. Mannskap frå fleire av desse stasjonane bidreg i redningsarbeidet i Gjerdrum.

Seinast laurdag sende Bergen fem personar til Romerike for å hjelpe til i søket etter sakna.

Spesialtrente på søk i samanrasa bygningar

I Bergen tel gruppa 24 personar som er fordelte på fire vaktlag.

– Dette er erfarne personar med lang og brei erfaring frå mange ulike typar oppdrag. Dei er spesialtrente på søk og redning i samanraste bygningar og konstruksjonar i ras og skred, fortel brannsjef i Bergen, Leif Linde.

– Ein ting er at desse gruppene kan berge liv, men vi brukar dei og til å sikre eigne mannskap i krevjande situasjonar, legg han til.

Brannsjef Leif Linde Bergen brannvesen

VIL ENDRE ORGANISERINGA: Brannsjef i Bergen, Leif Linde, vil ha ei sterkare nasjonal styring av USAR-gruppene.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Gruppa i Bergen vart oppretta etter rasa i Hatlestad terrasse der tre personar mista livet.

I dag er det ingen nasjonal samordning av arbeidet i desse gruppene. Det er heller ikkje nasjonale, standardiserte krav til utstyr eller opplæring. Staten bidreg heller ikkje med pengar til drifta.

Kortare utrykkingstid

Linde vedgår at han kunne ønskt seg ei betre koordinering av desse spesialstyrkane. Rett nok er det kontakt mellom gruppene, og nokre har trena i lag, men arbeidet kunne vore endå meir profesjonalisert.

–Det vert lettare å samarbeide under redningsaksjonar når mannskapa har same opplæring og utstyr, seier Linde.

– Då ville vi betre sikra ei relativt kort utrykkingstid. Konsekvensen av dagens ordning kan verte at vi kunne ha berga liv, men ikkje gjer det.

Regionale grupper med eit nasjonalt ansvar for å rykke ut, slik svenskane har, står øvst på ønskjelista til Linde. Han peikar på at Noreg alt har organisert seg slik når det gjeld sløkking av brannar på skip langs kysten, der sju brannvesen har fått ansvar for sine regionar.

Brannsjef Jon Myroldhaug (høyre) og innsatsleder Lars Brenden

SJÅ TIL SVERIGE: Brannmann og redaktør Lars Brenden (t.v.) meiner Noreg bør lære av Sverige og måten dei har organisert seg på.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Behovet vert større i framtida

Han får støtte frå den erfarne brannmannen og redaktøren i fagtidsskriftet «Brannmannen», Lars Brenden. Også han er overtydd om at ein nasjonal beredskap vil gi kortare utrykkingstid.

– På Gjerdrum var vi heldige då vi her har slike grupper i nærleiken, på Nedre Romerike og i Oslo. Hadde dette vore ein annan stad i landet, ville det gjerne teke lenger tid å få på plass denne typen ressursar, seier han.

– Dette er hendingar som ikkje skjer kvar dag, heldigvis. Men vi vil heilt sikkert oppleve det oftare i framtida. Klimaet vert våtare og villare. Noreg ville vore tent med å byggje opp eit nasjonalt beredskap slik som dei har i Sverige, men då må staten vere med å bidra.

Vil evaluere erfaringane

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) seier dei i etterkant av raset på Gjerdrum vil gå gjennom erfaringane med bruken av USAR-gruppene og behovet for ein nasjonal beredskap.

– Dette er noko DSB vil tilrå at det vert sett nærare på, seier Ly.

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB.

VIL EVALUERE: Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB seier dei vil sjå på framtidas organisering av USAR-gruppene.

Foto: Pressefoto / DSB

Forstår ønsket til brannvesenet

Kvifor er det ikkje alt gjort?

Dette er tilrådd i tidlegare utgreiingar, og nokre kommunale brannvesen har etablert ein viss kapasitet som til dømes i Oslo. På grunn av klimaendringar vil vi oppleve ras og naturhendingar oftare. Då vil det også vere naturleg å sjå på om beredskapen for handteringa av denne type hendingar bør styrkast.

– Forstår du ønsket til brannvesena kringom i landet?

– Det har vi full forståing for, og det er bra at brannvesen engasjerer seg og ser behov for betre nasjonal samordning og drift av ein slik beredskap. For alle typar beredskap er det ein stor fordel med samordna prosedyrar, utstyr og eins kompetanseheving gjennom til dømes øvingar, seier Ly.