– Det som skjer i USA bør vere ein vekkar for våre folkevalde, seier jusprofessor Eirik Holmøyvik.
Frå kontoret sitt på Universitetet i Bergen har nordfjordingen fått med seg det som har skjedd i USA den siste veka.
– Noreg kan hamne i same demokratiske krisa om vi ikkje gjer endringar i vallova, seier han.
I dag er det den utgåande statsministeren som formelt må innsette den nye statsministeren.
Men kva om den utgåande statsministeren ikkje vil?
Dette er «bomba» under den norske valordninga, meiner Holmøyvik.
– I Noreg har alle statsministrar hittil signert ut, men at ein «statsminister Trump» ville ha gjort det, er slett ikkje sikkert, seier han til Advokatbladet.
Holmøyvik sat i vallovutvalet som i fjor la fram ei innstilling til regjeringa. Utvalet tek til orde for å opprette eit «upartisk og uavhengig organ» til å avgjere om det skulle bli strid om valutfallet.
Holmøyvik avviser at scenariet er søkt, og minner om kløyvingane mellom Høgre og Venstre på slutten av 1800-talet, og at det i mellomkrigstida var strid rundt godkjenninga av stortingsvalet.
GRUNNLOVSEKSPERT: Jusprofessor Eirik Holmøyvik var medlem i vallovutvalet og jobbar internasjonalt med valordningar og demokrati.
Foto: Kim E. Andreassen / UiBNorsk løysing vert kritisert i utlandet
Dag Arne Christensen er valforskar ved Norwegian Research Center (Norce) i Bergen. Han er samd med Holmøyvik.
– Vi kan ikkje ta for gitt at den politiske kulturen vi har i dag står seg. Då gjeld det å vere budd, seier han.
Statsvitar Kristin Taraldsrud Hoff var medlem i det same vallovutvalet.
– Noreg har ein «bukken og havresekken»-løysing som er kritisert internasjonalt, seier ho.
I dag seier Grunnloven at det nyvalde Stortinget sjølv skal godkjenne valresultatet.
I 2010 påpeika Veneziakommisjonen, som er det konstitusjonelle ekspertorganet til Europarådet, at dette er ein veikskap i det norske systemet.
– Noreg har ein sunn politisk kultur, men det er ingen grunn til ikkje å oppgradere det juridiske rammeverket, sjølv om vi ikkje trenger det i praksis, seier Taraldsrud Hoff.
SUNN KULTUR: – Det er ingen grunn til ikkje å oppgradere det juridiske rammeverket, seier Kristin Taraldsrud Hoff.
Foto: Norsk Landbrukssamvirke– Vi skal ha eit robust system
Det er kommunalminister Nikolai Astrup sitt departement som har ansvaret for å gjennomføre frie og uavhengige val i Noreg.
Astrup seier til NRK at han er skaka over storminga av representanthuset i Washington, og legg til at vi aldri må ta demokratiet for gitt – heller ikkje i Noreg.
– Sjølv om vi har eit sterkt demokrati i Noreg, skal vi ha eit robust system og institusjonar som toler det dersom den politiske kulturen vår skulle bli utfordra, seier han.
Han peikar på at då regjeringa sette ned vallovutvalet i 2017, var det blant anna fordi dei ønske å greie ut klageordninga ved val.
– Det er alt fremja eit grunnlovsforslag om å endre klageordninga slik at det vil vere mogleg for Stortinget å vedta dette i god før stortingsvalet i 2025, seier Astrup.
STØTTAR ARBEIDET: Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup i Stortinget.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB– Viktigare å arbeide for ein sunn politisk kultur
Medlem i vallovutvalet, Øyvind Strømmen, presiserer at han er «heilt på linje» med Holmøyvik, men minner samstundes om at sårleiken er ein integrert del av demokratiet – som aldri kan bli kurert. Heller ikkje av lovverket.
– Det er viktigare å arbeide for ein sunn politisk kultur enn det er å ruste lovverket på ein usunn ein.