Hopp til innhold

Nordstjernen for siste gong i Florø

Klokka 8.18 torsdag la den gamle slitaren «Nordstjernen» frå kai i Florø for siste gong som hurtigruteskip.

Nordstjernen legg frå kai i Florø 22.3.12

FOR SISTE GONG: 'Nordstjernen' legg frå kai i Florø.

Foto: Birger Meland / NRK

Sidan 1956 har skipet gått i ruta mellom Kirkenes og Bergen, i godver og i storm, 56 års teneste er no over.

For mange i kystbyen var det kjensler i sving då den gamle dama la til ved Fugleskjerkaia for siste gong. Ein av dei som hadde møtt fram var Stein Malkenes.

– Det er veldig vemodig. Samstundes er eg veldig stolt over at vi har hurtigruta her, og at «Nordstjernen» faktisk har gått her nesten så lenge som eg har levd. Eg fekk ein klump i magen då eg høyrde fløyta.

Salssjef Hilde Vik i Hurtigruten synest også det er vemodig å ta farvel med ein gamal slitar.

– Skipet har gått her sidan 1956, så det er ein spesiell dag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordstjernen til kai i Florø

PÅ VEG TIL KAI: 'Nordstjernen' til Florø for siste gong i hurtigruta.

Foto: Øystein Torheim

– Tårer i augekroken

Tonar frå trekkspelet til Inge Reksten skapte ekstra stemning på kaia, han spela sjølvsagt «Sjømannsvalsen». Både ordførar og rådmann i Flora hadde møtt opp. Ordførar Bengt Solheim-Olsen kjende og på vemodet.

– Det er nesten så eg får tårer i augekroken når eg forstår kva arbeid denne båten har lagt ned langs leia på norskekysten i over 50 år og med over 100 000 hamneanløp.

«Nordstjernen» vart bygd ved Bluhm und Voss i Hamburg i 1956. Skipet har gått 7,4 millionar kilometer langs norskekysten, det tilsvarar 185 gonger rundt ekvator, i alt 1552 rundturar, og båten har dermed passert polarsirkelen 3104 gonger og frakta 1,5 millionar passasjerar.

– Det seier jo alt. Det er stor stas at vi tek imot den gamle dama med trekkspelmusikk og med mykje folk som har møtt opp.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hurtigruteskipet Nordstjernen i Bodø

POLARSIRKELEN PASSERT FOR 3104. GONG: 'Nordstjernen' i Bodø på turen sørover.

Foto: Susanne Lysvold / NRK

– Stor fest langs heile kysten

Ordføraren hadde med seg blomster til mannskapet som han overrekte til kapteinen som takk for innsatsen.

Kaptein Asbjørn Dalan sette pris på velkomsten.

– Det er alltid hyggeleg å kome til Florø, men i dag var det ekstra hyggeleg.

– Korleis har reisa langs kysten vore på den aller siste turen?

– Vi har hatt ein fin tur. Vi starta med sol og kjempever i Kirkenes, og etter det har det stort sett vore som ein stor fest langs heile kysten. Der vi har hatt anløp på dagtid har det vore stor ståhei.

– Det er vel litt vemodig for deg?

– Ja, det er det, men eg skal vere så ærleg og seie at eg har blanda kjensler. For vi må innrømme at tida har gått frå denne gamle dama.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordstjernen - forever young

FOREVER YOUNG: 'Nordstjernen' er 56 år gamal, men i mange sine auge evig ung.

Foto: Birger Meland / NRK

Siste innsats på Svalbard

– Og etter anløpet i Bergen på denne siste turen så ventar det ein tur til Svalbard på «Nordstjernen»?

– Ja, den 28. mai går vi frå Bergen til Longyearbyen, der vi skal drive med cruisetrafikk til 21. august. Den 1. september er vi tilbake i Bergen, og då er det vel definitivt slutt.

Kapteinen veit ikkje kva som skal skje med skipet etter den tid.

– Det er det vel ingen som veit enno.

Klokka 8.18 - tre minutt etter ruta - la «Nordstjernen» frå kai i Florø for siste gong og tok fatt på sjarmøretappen til Bergen.

Nordstjernen i det fjerne -tom pullert

SJARMØRETAPPEN: 'Nordstjernen' er på veg ut mot leia.

Foto: Birger Meland / NRK