Nordmenn rekordtidleg ute med julegåvene: – Eg har berre nokre få igjen

SOGNDAL(NRK): I år går vi meir sjeldan på shopping, men dreg kortet på desto større summar – til store glede for fleire.

Ine Susanne Bakkengen

SMITTEVERN: Ine Susanne Bakkengen er ei av dei som er tidleg ute med årets julegåveshopping, for å

Foto: Sondre Dalaker

– Eg har berre nokre få gåver igjen, og prøver å fordele det litt utover, seier Ine Susanne Bakkengen.

Trass i at kalenderen berre viser 2. desember, er det mange som allereie no er i mål med årets julegåver.

– I år er eg tidlegare ute enn før, fordi eg veit at mange er ute og handlar, fortel Bakkengen, som er på julehandel i Sogndal.

Senterleiar Amfi Sogndal, Wilhelm Tangerud

JUBLAR: Senterleiar på Amfi Sogningen er strålande fornøgd med utviklinga for senteret i 2020.

Foto: Sondre Dalaker

– Starta for to-tre veker sidan

Å kombinere gåvestress og smittevern kan vere krevjande. Eitt av tipsa for å lukkast er å velje dag og tidspunkt med omhug.

Det har kundane fått med seg.

– I år starta julehandelen allereie for to-tre veker sidan, og det er ein trend over heile landet, seier Wilhelm Tangerud som er senterleiar på Amfi Sogningen.

Tal frå Virke viser at dei fysiske butikkane har hatt ein samla vekst på 8 prosent de tre første vekene av november.

− Resultata tyder på at Ola og Kari tar ansvar og spreier julehandelen på kjøpesentera utover et større tidsrom, for å klare og følgje avstandskravet til smittevernreglane, seier Harald Jachwitz Andersen, direktør for Virke Handel.

Sjeldan overfylt på senteret

Kjøpesenter og butikkar landet over valde å utvide Black Friday til ei heil veke for å legge til rette for nettopp spreidd handel. Det gav god utteljing.

– Det var utruleg kjekt å sjå at det ikkje var overfylt. Det er sjeldan ein seier som senterleiar, seier Tangerud.

Hos Intersport i Sogndal fortel butikksjefen om gode tal, trass spreidd besøk.

– Det var ei veldig god veke for oss og jamt besøk, seier Kari Johannessen Bakke.

Kari Johannesen Bakke, Intersport Sogningen

GOD VEKE: Kari Johannesen Bakke er butikksjef på Intersport i Sogndal, og fortel om ei god handelsveke gjennom heile Black Week.

Foto: Sondre Dalaker

Sender salstala til himmels

Talet på besøkande hos kjøpesenteret har gått jamt ned i heile år. Kundane er mindre på besøk, men dei handlar for meir.

I mai låg Amfi Sogningen 20 millionar under budsjett i omsetnad. No har det snudd, og tala viser 17 millionar i pluss.

– Vi såg ganske mørkt på det, men dersom dette held fram blir 2020 eit kjempeår for handelen i Sogndal. Det hadde vi ikkje trudd i mai, seier Tangerud.

− Dette er eit resultat av dei enorme verdiane vi får av den midlertidige grensehandelsstoppen, stopp i tenestekonsumet og at nordmenn tek ansvar for smittevernet gjennom å begynne julehandelen tidleg, seier Jachwitz Andersen i Virke.

Trur desember blir roleg

På klesbutikken For You trur Martine Lunde Hauglund at den komande månaden blir stille i butikkane.

– Julehandelen starta tidleg, og eg trur folk nesten er ferdige med gåvene. Derfor trur eg det blir ein roleg desember månad, seier ho.

Martine Lunde Hauglund, butikkansatt For You Sogndal

TRUR TOPPEN ER NÅDD: Martine Lunde Hauglund i butikken For You trur på ein stille desember.

Foto: Sondre Dalaker

Senterleiaren fortel om «tidenes julehandel» i 2019, men har derimot stor tru på at ein kan toppe fjorårets desember.

– Når folk ikkje reiser så brukar ein meir på hus, heim, oppussing og seg sjølv. Eg ventar at det blir minst like bra som i fjor, seier han.