Nordmenn oppsøker adrenalin på ferie i heimlandet: – Må avvise folk i døra

Mange nordmenn vil ha adrenalinkick når dei no må feriere i heimlandet. Attraksjonar som vindtunnelen på Voss har fått fullt belegg etter ein vanskeleg vår.

VOSS:

FYRSTE GONG: Stig Bergli Ingvaldsen og sonen Marcus prøvde vindtunnelen på Voss for første gang i sommar. – Vi har hytte på Voss, og har alltid hatt lyst til å prøve, seier han.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Små og store står som fjetra og ser ein driven flygar fly høgt og lågt inne i vindtunnelen på Voss.

Stig Berli Ingvaldsen har akkurat fått prøve seg nokre minutt i lufta for første gong saman med sonen Marcus.

– Eg trur det er noko av det gøyaste eg har gjort. Det var helt fantastisk, seier Ingvaldsen.

Dei er ikkje aleine om å teste å vere vektlause i ferien.

Avviser i døra

– Vi er heilt fullbooka. Vi har no to lag med instruktørar, som flyr frå klokka halv ti om morgonen til klokka åtte om kvelden, seier dagleg leiar Trude Sviggum i Voss Vind.

Likevel må folk snu i døra.

– Berre i dag har vi fått ti telefonar frå folk som vil fly, men som ikkje fekk. Så har det vore nokon innom her i tillegg, seier ho.

Voss Vind har hatt 3.485 besøkande hittil i juli, mot 2.650 besøkande i heile juli i fjor.

– Vi har aldri hatt så mange besøkande på sommaren før. No må vi avvise folk i døra, fordi vi ikkje har meir kapasitet, seier Sviggum.

Ni av ti av gjestane denne sommaren, er nordmenn.

Dagleg leiar Trude Sviggum i Voss Vind.

FULLBOOKA: Mange vil prøve å fly i sommar. Så langt i juli har 3.485 personar besøkt vindtunnelen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Sviggum trur auken skuldast at nordmenn brukar pengane som ikkje blei brukt på utanlandsferie, på aktivitetar i heimlandet.

– Vi har tapt inntekt dei månadene vi har heldt stengt. Det er kjærkomme for oss at vi har så mange besøkjande i sommar, seier ho.

Adrenalinkick

Med så mange nordmenn på ferie i eige land, har det blitt svært populært med opplevingar som gir litt adrenalinkick, seier webredaktør Christine Baglo i Visit Norway.

– Vi ser veldig tydeleg at nordmenn ønsker litt action i ferien. Dei vil ikkje berre sjå på naturen, men dei vil ut og gjere litt gøyale ting.

Også NHO Reiseliv stadfestar at det landet rundt er stor etterspurnad etter alt frå rib-turar og toppturar i nord til rafting og strikkhopp i sør.

Frå nybegynnar til NM

Ekstreme opplevingar som fallskjermhopp har også fått auka interesse. I Tønsberg, Oslo og Voss er det fulle kurs heile sommaren, ifølgje Norges luftsportforbund.

Ragnar Kjos begynte med fallskjermhopp for rundt tre veker sidan. Allereie har han delteke under noregsmeisterskapet i fallskjermhopp på Voss saman med lagvenninna Kristina Aarvold som har litt meir erfaring.

– Noregsferien kan du enten bruke på å gå opp et fjell, eller hoppe ut av et fly. Då er det jo mykje kjekkare å hoppe ut frå et fly, seier han.

Fallskjemhopp

NYBEGYNNAR: Ragnar Kjos og lagvenninna Kristina Aarvold demonstrerer posisjonar dei skulle ta i lufta då dei deltok i NM i fallskjerm på Voss.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Vil ta skrytebilete

Nordmenn oppsøker også alt frå dykking og rafting til terrengsykling og klatring.

Siv og André Kjelstad frå Toten er blant dei mange som har fått utfordra seg i klatrestien Via Ferrata i Loen i Vestland, som har vore fullbooka i sommar.

– Fryd og redsel. Alle kjenslene har vore inne. Eg har vore med mest for å flytte grenser, seier Siv Kjelstad.

UTFORDRING: Andre og Siv Kjeldstad frå Toten gjekk gjennom heile kjensleregisteret då dei klatra opp Via Ferrata i Loen i Vestland.

UTFORDRING: Andre og Siv Kjeldstad frå Toten gjekk gjennom heile kjensleregisteret då dei klatra opp Via Ferrata i Loen i Vestland.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Erik Brendefur i Loen Aktiv har måtte tilsette mange nye instruktørar for å ta unna det store trykket frå dei ferierande.

– Det har litt med den norske naturen å gjere, at vi vil oppleve ting og ta flotte «skrytebilete» og legge ut på sosiale medium.

– Samtidig er det litt teambygging i det. Mange har kome for å oppleve ting i lag, seier han.

Vil ikkje avblåse korona-krise

Trass i at det no går godt, vil ikkje næringspolitisk fagsjef Ole Michael Bjørndal i NHO Reiseliv avblåse krisa dei spådde for bransjen etter ein svært vanskeleg vår.

– Opplevingsbransjen treng at fleire blir dekka av kompensasjonsordninga og får dekka sine faste utgifter, og at bedrifts- og utanlandsmarknadene tek seg opp utover hausten, seier han.