Hopp til innhold

Nordmenn kastar mindre

For fyrste gong på lenge kastar nordmenn mindre enn året i førevegen. Meiningane er delte om det er ein langsiktig trend eller ein forbigåande koronaeffekt.

Klemetsrud energigjenvinningsanlegg, Oslo

NEDGANG: I 2020 har det vore ein nedgang i dei totale avfallsmengdene på 5 prosent samanlikna med 2019.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Avfallsmengdene i Noreg i 2020 var på 11,6 millionar tonn, ein reduksjon på 5 prosent frå 2019. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Nedgangen kjem hovudsakleg av det er mindre avfall frå tenesteytande næringar, seier Camilla Skjerpen, seniorrådgjevar i Seksjon for energi-, miljø- og transportstatistikk hos SSB.

Ho legg til at avfallstala «må sjåast i samanheng med situasjonen landet har stått i» den siste tida, underforstått koronapandemien.

Det vil bli interessant å sjå korleis utviklinga vil vere for 2021.

Kan ikkje belage oss på ein global pandemi

Vi slepp ikkje jubelen laus av disse tala. Vi fryktar at trenden ein forbigåande, seier Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender.

Ho viser til at «forbruksnivået raskt tok seg opp att» etter finanskrisen i 2008.

Det same seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.

Vi kan ikkje belage oss på ein global pandemi for å bremse korkje avfallsmengder eller klimagassutslepp over tid, seier han.

Han legg til:

Noreg har vore på avfallstoppen i mange år og no treng vi konkrete tiltak frå styresmaktene for å redusere forbruket og omstille økonomien i sirkulær retning.

Nasjonale mål for materialgjenvinning seier at «veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten» og at «ressursane i avfallet vert best utnytta gjennom materialgjenvinning og energiutnytting».

Anja Bakken Riise

– Erfaringa etter finanskrisen i 2008 var at forbruksnivået raskt tok seg opp igjen etter krisen. Skal vi løyse klima- og naturkrisa, må vi redusere overforbruket på alle område i samfunnet – det krev politiske løysingar, Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender.

Foto: Renate Madsen

«Attvinningsgraden» skal opp

I 2018 vedtok EU eit avfallsdirektiv som legg føringar for gjenvinning og behandling av avfall. Noreg er bunde til direktivet gjennom EØS-avtalen.

Blant krava er at 55 prosent av hushaldningsavfall og liknande næringsavfall skal vinnast att innan 2025.

Framover skal «attvinningsgraden» trappas opp til 60 prosent innan 2030 og til 65 prosent innan 2035.

Vi trur ikkje at dei nye tala nødvendigvis reflekterer ein langsiktig trend, seier Gunnar Grini, bransjesjef for gjenvinningsbransjen i Norsk Industri.

Han legg til:

Vi er opptatt av verkemiddel som fremmer avfallsreduksjon og aukar materialgjenvinning, og vi har store forventningar til at den nye regjeringa leverer på dette.

Plastavfall
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ein positiv tendens

Kari-Lill H. Ljøstad i Grønt Punkt Noreg er meir optimistisk til dei lange trendane:

Vi trur at vi i årene framover vi oppleve ein positiv nedgang i avfallsmengder, blant anna på plastemballasje.

Ho viser til det såkalla Plastløftet som forpliktar vareprodusentar til å designe emballasje slik at han egner seg for gjenvinning.

Dette har gjeve oppløftande resultat i 2020, seier ho.

Kommunikasjonssjef i Norsk Gjenvinning, Bim Cornelia Kasa, viser i likskap med dei andre til at «2020 var på alle vis eit spesielt år».

Men det som er positivt er at samarbeidet vi har etablert med leiande byggentreprenørar fører til mindre avfall, betre sortering og meir gjenvinning. Dette arbeidet vil vi fortsette med full tyngde.

Hege Rooth Olbergsveen er seksjonsleiar i Miljødirektoratet.

Det er gledeleg at avfallsmengdene sank noko meir enn BNP frå 2019 til 2020, men det er for tidleg å slå fast at dette er ein trend som gjør at vi når målet. Ein liknande dropp i avfallsmengda kom etter finanskrisen i 2008, men i 2012 var igjen veksten i avfallsmengda større enn veksten i BNP. Avfallsreduksjon er ein viktig del av omstillinga til ein sirkulær økonomi.

kommunikasjonssjef Kari-Lill H. Ljøstad i Grønt Punkt Norge.

POSITIV TREND: – Vi trur at vi i årene framover vi oppleve ein positiv nedgang i avfallsmengder, blant anna på plastemballasje, seier Kari-Lill H. Ljøstad i Grønt Punkt Noreg.

Foto: Grønt Punkt Norge