Nordmenn isolerte i Spania

Fire bergenske pasientar er isolerte på ein sjukeheim i Spania etter eit utbrot av gule stafylokokkar.

Gule stafylokokker
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Den spanske sjukeheimen har fleire pasientar frå Bergen kommune.

Spanjolane har ifølgje helsebyråd Trude Drevland kontroll med bakterieutbrotet.

- Me har stoppa pasientstraumen til sjukeheimen til me er sikre på at alle teikn til smitte er fjerna, seier Drevland.