– Vi har eigentleg berre kjøpt det vi synest er kult, so har det teke litt av, seier Linn Therese Grytten.
For å nemne noko har paret to hestar, fem kattar, ein hund.
I tillegg?
Litt over 50 slangar.
– Det er jo dyr du normalt ikkje ser i Noreg, så det er veldig gøy å ha noko litt utanom det vanlege heime, seier Vegar Sandvik.
Vegard Sandvik og Linn Therese Grytten har dei siste åra fylt opp huset med slangar og gekkoar.
Foto: Julianne Flølo / NRKSlutt på forbodet
I 1977 blei det ulovleg å ha reptil i privat eige, men sjølv under forbodstida var anslaget at det likevel var om lag 100.000 ulovlege reptil i landet.
Og at forbodet ikkje blei respektert var ein av årsakene til at Mattilsynet opna for å oppheve det og tillèt 19 artar i privat eige.
– Sidan talet på ulovlege reptil var så høgt før 2017, trur eg ikkje at det reelle talet på reptil i Noreg har gått så veldig mykje opp, men det har nok vore ein liten auke, seier Stein Ivar Ramberg, pressekontakt i Herpetologisk foreining i Noreg.
Ved å tillate at folk kan ha såkalla Herptiler i privat eige, ville dei få dyrehaldet fram i lyset og eigarar skulle sleppe å kvi seg til for eksempel å gå til dyrlege.
– Etter at denne endringa kom, fordi ein kunne snakke meir om det, så blei det eit miljø til å snakke meir om dyrevelferd og korleis ein skulle ta vare på desse dyra. Det er den eine store endringa sidan 2017, seier Ramberg.
Kongepyton er den mest populære slangen å eige i Noreg.
Foto: Sara Vilde Solås/NRKPopulært
– Reptil har blitt veldig populært, fortel Camilla Nesheim
Ho er dagleg leiar på Pets Nordfjordeid og i dyrebutikken sel ho alt frå slangar til gekkoar og tarantellar.
I tillegg til dei litt meir tradisjonelle: Gullfisk og hamster. Men ikkje alle toler å ha pelsdyr i heimen.
– Leopardgekko har nesten blitt den nye hamsteren, fortel Nesheim.
Men skal ein skaffe seg ein leopardgekko er det ein ting ein bør tenke over.
– Den kan bli 40 år i motsetnad til ein hamster som gjerne blir 2–3 år. Så det kan vere litt utfordring om eigaren mista interessa, seier Ramberg.
Fleire vel å skaffe seg leopardgekko i staden for små pelsdyr som for eksempel hamster.
Foto: Julianne Flølo / NRK