Hopp til innhold

Nordmenn elskar netthandel

70 prosent av oss handlar på nettet.

Julegaver

HAR REIST LANGT: Mange kjøper varer frå utlandet over nettet.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Det viser ei undersøking frå Statistisk Sentralbyrå. I andre kvartal i fjor viste undersøkinga at 63 prosent av alle nordmenn handla på nettet.

Nokre av argumenta for å handle på nettet, er at det er både enkelt og trygt.

Billig og enkelt

Forskningssjef Eivind Stø ved Statens institutt for bruksforskning (SIFO) seier at vi handlar på nett dersom varen er billigare eller enklare å få tak i der.

– Vi har prøvd å selje daglegvarer på nettet, men det er verken billigare, betre eller enklare, seier han.

(Artikkelen held fram under.)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Systemet kan svikte

Ein av ti som handlar på nettet, oppgir at dei har hatt problem med dette. Halvparten har opplevd tekniske problem på nettsida. To prosent viser til problem som at leveransen tok lengre tid enn avtalt, at feil vare vart levert, eller at dei er forsøkt svindla.

– Om ein skal handle på nett, må ein stole på systemet. Dessverre sviktar det jo av og til, og forbrukarane klagar som regel på at dei ikkje har motteke varen, eller at seljarar prøver å tene lette pengar på ting dei ikkje kan love, seier Stø.

Nokre vil handle personleg

Halvparten av dei som ikkje har handla på nettet dei siste månadane, viser til at dei helst vil handle personleg. Fleire kvinner enn menn nemner dette. Ein av tre seier dei ikkje har behov for å handle på nettet. Nokre er bekymra over sikkerheita, eller manglar tillit til netthandel.

Heile 86 prosent av netthandlarane kjøper frå nasjonale leverandørar, meir enn ein tredjedel handlar med EU-land og kvar femte med resten av verda.