Hopp til innhold

Nordlyset dansa på kveldshimmelen

Nordlyset viste seg fram som eit ellevilt lysshow på himmelen i Florø.

Då hobby-fotografen såg Nordlyset frå verandaen i Florø var han snar å finne fram fotoutstyret.

NORDLYS: Fredag kunne fleire i Sogn og Fjordane oppleve aurora borealis på himmelen. Her er nordlyset festa til film i Florø. Foto/redigering: Dan Børge Vallestad Nygård

– Då eg stod heime på verandaen og såg nordlyset på himmelen skunda eg meg til Sørstranda i Florø. Der visste eg at eg ville få fine bilete, fortel Dan Børge Vallestad Nygård.

Dei siste dagane har vore spektakulære for dei som er interesserte i astronomi med solformørkinga fredag som eit definitivt høgdepunkt.

Han har i fleire år tatt bilete av stjerner på himmelen. Men nordlys er eit uvanleg fenomen for han å få på film.

– Det er første gong eg har tatt slike bilete av nordlyset. Men eg visste at eg måtte komme meg til Sørstranda for å få gode bilete, seier hobbyfotografen.

Sett saman fleire hundre bilete

Han har ved hjelp av eit spegelreflekskamera festa fleire hundre bilete til film, i ein såkalla time-lapse.

– Det tar ganske mykje tid å sette saman.

Han har fotografering av himmellekamar som hobby, og er i grenseland for kunne kategorisere interessa si som astro-fotograf.

– Det blir nok ikkje siste gong eg tar bilete av nordlyset, seier Vallestad Nygård.

Fredag var dei fleste interessert i den historiske solformørkinga som var meir eller mindre synleg i Sogn og Fjordane.

I Aurland fanga fotografen solformørkinga i eit øyeblikk der skylaget sprakk opp.

SOLFORMØRKING: Solformørkinga var tydeleg i Aurland i nokre få minutt. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke