Nordic Mining mot full finansiering
Nordic Mining har i dag kalla inn til generalforsamling for å få fullmakt til å hente inn nærare 660 millionar kroner i ny eigenkapital gjennom ein emisjon for å fullfinansiere Engebøprosjektet. Så langt er om lag 211 millionar dollar av behovet henta inn gjennom eigenkapital frå Iwatani, Orion, obligasjon og sal av aksjane i Keliber.