Hopp til innhold

Fekk ja til det omstridde gruveprosjektet, men treng tre milliardar kroner

Nordic Mining fekk ja til gruvedrifta ved Førdefjorden trass massiv motstand. No startar jakta på pengesekkar i utlandet.

Ytre Førdefjorden - Vevring og Engjabø

OMSTRIDD GRUVE: Om lag fire kilometer av fjordbotnen vil bli lagt aude av 140 millionar kubikkmeter restmasse.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Gruveprosjektet i Engebøfjellet i Naustdal på Vestlandet har skapt sterk motstand blant miljøaktivistar.

I årevis har det vore demonstrasjonar og aksjonar på fjellet, der folk har lenka seg fast til anleggsmaskinar.

Årsak: 140 millionar kubikkmeter restmasse frå prosjektet skal dumpast i Førdefjorden.

Då det vart kjent at gruveselskapet Nordic Mining fekk driftsløyve i førre veke, reagerte motstandarane sterkt, medan forkjemparane jubla.

Men enno er det mange pengar som skal på plass før prosjektet kan starte.

Jaktar internasjonale storfisk

Selskapet har i desse dagar starta jakta på investorar som kan hosta opp nær tre milliardar norske kroner.

Pengane trengst til sentrale delar av drifta: bygging, infrastruktur og utstyr.

Nordic Mining er no budde på å leita utanlands, fortel administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum til NRK.

– Sjølv om prosjektet ikkje er veldig stort samanlikna med oljeindustri, treng vi internasjonal finansiering for å få det på plass.

Ivar S. Fossum fortel

INTERNASJONALT: Ivar S. Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining, meiner seier dei leitar internasjonalt etter investorar.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Fossum har trua på at dei skal klara det hårete finansieringsmålet trass i ein utfordrande marknad.

– Det som er heilt sikkert er at denne våren har skapt generell usikkerheit både i vår del og resten av verda, seier han.

For å få med investorar, må leiinga i selskapet sikre og dokumentere at dei har eit godt prosjekt.

Steinbrotet i Engebøfjellet

RUTIL OG GRANAT: I fjellet skal det vinnast ut rutil og granat. Det er funne kring 250 millionar tonn rutilmalm i Engebøfjellet.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

– Må overtyda bankane

Analytikar Andreas Bertheussen seier det for tida er ein utfordrande marknad.

– Risikoen er at dette kan ta lang tid. Ein må jobbe veldig mykje med å forsikre bankane om at prosjektet er solid, at dei har kjøparar, og at det er god økonomi i det, seier Bertheussen, som er aksjeanalytikar i Kepler Cheuvreux.

Heile finansverda har fått ein knekk som følgje av koronapandemien.

Nordic Mining skal vinne ut både rutil og granat. Rutil vert mellom anna brukt til utvinning av porselensfargar og titanmetall, medan granat til dømes blir brukt i slipeutstyr.

Aksjeanalytiker i Kepler Cheuvreux Andreas Bertheussen

EKSPERT: Aksjeanalytikar i Kepler Cheuvreux, Andreas Bertheussen.

Foto: Pressefoto / Kepler Cheuvreux

Bertheussen meiner Nordic Mining sitt prosjekt er robust når det gjeld rutil, fordi det er ein stabil etterspørsel etter mineralet. Det er meir uvisst for granat.

– Det er ikkje eit stort kjent distribusjonsapparat for granat. Den delen av prosjektet vil bli vanskelegast å overtyda bankane om når det gjeld å sikre finansiering, seier han.

– Ein tøff global marknad

Analytikaren seier appetitten blant investorar i Noreg ikkje er så stor på gruveprosjekt, og trur Nordic Mining må leite internasjonalt.

Han nemner Canada og Storbritannia som moglege investorar. I sistnemnde finst det eigne bankar og fond som er spesialistar på å vurdere finansiering av slike prosjekt.

– Det er vanskeleg og krevjande å få finansiering, og norske bedrifter må ut i ein tøff global marknad for å få pengane, seier Anita Hall, generalsekretær i Norsk Bergindustri.

Ho er positiv til prosjektet og seier dette er positivt for sysselsetting og aktivitet for området.