Hopp til innhold

Nordfjording må i fengsel for ølglaskasting

Ein nordfjording i 20-åra må i fengsel i 60 dagar etter å kasta eitt ølglas, slik at to personar fekk kuttskadar.

Hendinga mannen no er dømd for skjedde natt til 7. februar i år. På ein utestad kom nordfjordingen i krangel med nokre andre gjester. Det enda med at mannen slo eit ølglas i hovudet på ein av dei som sat rundt bordet, og kasta restane slik at dei trefte to andre gjester.

Ein av dei trefte fekk eit fem centimeter langt kutt i handa. Den andre som vart treft av det knuste glaset fekk eit mindre kutt, som ikkje trong legebehandling.

I formildande lei legg retten vekt på at mannen har tilstått utan atterhald. Når retten har sett på dei skjerpande omstenda, meiner retten at 120 dagar i fengsel er ei passande straff. Mannen slepp å sone 30 dagar av straff i fengsel, dersom han ikkje gjer nye brotsverk i prøvetida på to år.

Mannen må og betale dei tre fornærma i saka høvesvis 3796, 1799 og 599 kroner i erstatning.