Hopp til innhold

Nordfjording laga årets russelåt

Martin Tungevåg er vinnaren av NRK mp3 si kåring av årets russelåt med songen Snow Crystals 2013. Premien er utgjeving av låta på eit av verdas største plateselskap.

Martin Tungevåg

STOLT: Martin Tungevåg seier han er overraska, men veldig stolt over at songen vart kåra til årets russelåt av NRK mP3.

Foto: Erlend Moe/NRK

– Det var heilt utruleg kjekt å vinne, seier tjueåringen frå Stad som bur på Lillehammer og går påbygging til generell studiekompetanse.

Songen laga han i november i fjor etter var ei spesialbestilling frå ein gjeng russ som ville ha låta til russebussen sin.

– Dei hadde høyrt musikk eg har laga tidlegare og ville gjerne at eg skulle lage ein song til bussen deira. Det ville eg sjølvsagt, seier Tungevåg.

Soleklar vinnar

Dei siste vekene har fem finalesongar kjempe om å få flest stemmer i NRK mP3 si russelåt-kåring. 31,3 % av stemmene heldt til seier.

– Eg er jo veldig stolt, Snow Crystals 3013 fekk over 1000 stemmer meir enn andreplassen, seier Tungevåg nøgd.

Marie Komissar har vore ansvarleg for konkurransen og seier til mP3.no at nivået på finalistane har vore høgt.

– Det er ein veldig fengjande song, og dei har nok fått store delar av Lillehammer til å synge med på russelåten, seier Komussar.

Utgitt på Warner Music

Songen har vore spelt mykje på NRK mP3 den siste veka og som ein del av premien vert songen utgitt på Warner Music, som er eit av verdas største plateselskap.

– Det er rett og slett veldig stort, seier tjueåringen som seier han kjem til å halde fram med å lage musikk.