Hopp til innhold

Nordfjord Kjøtt med sterkt resultat

Nordfjord Kjøtt-konsernet omsette i 2010 for heile 1,768 milliardar kroner. Etter skatt sit verksemda att med 90 millionar kroner.

Nordfjord Kjøtt

GÅR GODT: Nordfjord Kjøtt nærmar seg ei omsetning på to milliardar kroner.

Foto: Bård Siem / NRK

Nordfjord Kjøtt fekk i 2010 eit driftsoverskot på 133,9 millionar kroner, etter at dei omsette for 1,768 milliardar kroner. Dermed sit dei att med eit overskot på 90 millionar kroner etter skatt for fjoråret, skriv Bondebladet.

Til samanlikning omsette Nordfjord Kjøtt for 1,536 milliardar i 2009. Før skatt vart då overskotet på 110,7 millionar kroner.

Nordfjord Kjøtt held til i Loen i Stryn, og er leverandør til Rema 1000.

Ifølgje Handelsbladet reknar konsernet med å passere ei omsetning på to milliardar kroner i 2011.