Sande meiner basen må realiserast for å ta vare på tryggleiken til oljearbeidarane i Nordsjøen.
- Eg syns dette er forferdeleg ille. Dette har med tryggleiken til folk å gjere, og då kan ein ikkje leggje inn andre omsyn, seier NOPEF-leiaren.
Fryktar konsekvensane
Den siste tida har det vorte sådd tvil om den planlagde redningshelikopterbasen i Florø blir realisert, slik Stortinget tidlegare har vedteke, og ei endeleg avgjerd har drege ut i tid. Fleire krefter i Nord-Norge har sett døgnberedskapen for redningshelikopeter i nord opp mot basen i Florø. Men Sande fryktar for konsekvensane dersom basen ikkje kjem på plass i kystbyen.
- Det er viktig at vi får ein fullgod beredskap også i dette området, seier Sande.
Store inntekter
Mange har brukt store kostnader som argument for å ikkje opprette helikopterbasen i Florø. Men det meiner Norsk olje- og petrokjemisk fagforbund ikkje held.
- Det er klart at det kostar pengar å styrke tryggleiken, men så mykje som staten håvar inn frå oljeaktiviteten frå dette området så er det jammen på tide dei får gjort dette her, seier Sande.