Hopp til innhold

Nok eit gull til Raad

Trude Raad frå Gloppen Friidrettslag vann gull i diskos for jr19 under NM i friidrett i Stavanger søndag.

Trude Raad

Arkiv

Foto: Sander Heggheim

Ho kasta 45,01, over ti meter lenger enn neste på lista. Årsbeste for Raad er 46,54, som ho tok under senior NM i Trondheim.

- Ho fekk ikkje det til heilt som ho skulle, for det var regn og sterk vind. Men vi er nøgd med resultatet, seier Jørund Årdal i Gloppen FIL.

Amanda Hjelmeset, også ho frå Gloppen, kom på ein tiande plass med eit kast på 22,77.

Tredje gullet

Dette var tredje gullet til gloppejenta under junior NM. Ho tok gull i alle tre øvingane ho deltok - kule, diskos og slegge. Sjå Dobbelsiger til Gloppen

- Eg meiner ho er den einaste med tre gull i denne meisterskapen, seier Årdal.

Teken ut til Nordisk Meisterskap

Trude Raad fekk òg tildelt bestemannspremien i kast under meisterskapen, og er ein av fem frå fylket som er tekne ut til Nordisk Meisterskap i Bergen komande helg.

- Ho er eitt av dei beste korta fylket har i nordisk, og er ein sterk medaljekandidat, seier han.

Raad deltek i kule, diskos og slegge i Nordisk Meisterskap. Dei andre som er tekne ut er Yngve Grøneng Havn i kule, Øyvind Kjerpeset i 400 meter hekk, Sindre Rørvik i lengde og Marte Rygg Årdal i slegge.