Hopp til innhold

Regnrekordane skyller over Bergen

Nedbørsrekordane står i kø over Bergen. I dag sikra lågtrykket sommarens tredje regnrekord – august er den våtaste sidan målingane starta.

Paraplyer i Bergen

ALLE GODE TING ER TRE: For tredje gong i sommar regnar det rekordar over bergensarane. I august i 1989 fall det 351,7 millimeter nedbør over Bergen. I dag vart den sletta.

Foto: Emil Breistein / NTB scanpix

Målestasjonen på Florida i Bergen bikka i dag dei magiske 351,7 millimetrane.

Med det vart augustrekorden frå 1989 sletta: Årets siste sommarmånad er den våtaste sidan målingane her starta i 1983.

Talet er det høgaste som er målt sidan ein starta målingane på Florida.

Meteorologane har fått nok

– Det får vera nok no. Me har jo allereie teke to rekordar, seier førstekonsulent ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Lillian Kalve.

Klokka halv elleve tysdag melde Vervarslinga at det har regna 353, 7 millimeter på Florida.

Ho avviser at meteorologane feirar sommarens tredje nedbørsrekord.

For tidlegare denne sommaren har Bergen allereie sett to nedbørsrekordar: Juli var den mest nedbørsrike månaden og hadde i tillegg det våtaste døgeret.

86 prosent over normalen

Berre mellom klokka 8 og 10 tysdag vart det målt 4,6 millimeter nedbør på målestasjonen på Florida. Med to dagar igjen av august månad er rekorden dermed slått med to millimeter.

Normalen for august? 190 millimeter.

Rekorden på Florida er likevel beskjeden samanlikna med målingane på målestasjonen Fredriksberg på Nordnes. I 1929 regna det 415 millimeter i august.

Frå 1983 vart målestasjonen på Florida den offisielle i Bergen.