Hopp til innhold

Nok ein kommune ser til Bø – vil også verte skatteparadis

Stad kommune vurderer å halvere formuesskatten i jakta på tjukke lommebøker. Pioner-ordføraren i Bø ønskjer etterfølgarar velkomen i klubben.

Hoddevik på Stadlandet

HODDEVIK: Hittil har Stad-paradiset for det meste lokka surfarar. No kan kanskje skatteflyktningane også kome til.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Mesteparten av formuesskatten består i dag av ein kommunal andel på 0,7 prosent.

Stad kommune har no vedteke å greie ut om dei skal halvere skatten.

Med eit kutt vil dei bli nesten like populære for pengesterke nordmenn som skatteparadiset Bø i Vesterålen – som har kutta sin andel til 0,2 prosent.

Kommunestyrerepresentant i Stad, Hogne Bleie (Frp) vil at Stad skal vere Vestlandets paradis, no også med omsyn til skatt.

– Skatteparadis er eit litt belasta ord, men ein plass der det er greitt å bu for folk som har bedrifter, ja, seier Bleie, som la fram forslaget.

Frå før av har om lag 15 kommunar flørta med ideen. Blant dei er Strand, Asker, Tvedestrand og Færder.

Det var E24 som først skreiv om saka.

– Ein veldig dårleg idé

Å gje avkall på skatteinntekter er sjeldan vare i Kommune-Noreg.

Det førte derfor til nasjonal og internasjonal merksemd idet Bø valde å verte den første kommunen i landet som kutta i formuesskatten.

Sunday Times

MERKSEMD: Storbritannias eldste avis, Sunday Times, la også merke til skattestuntet i Bø.

Foto: Skjermdump Sunday Times

Skattestuntet i Bø vil sannsynlegvis føre til tap i millionklassen, noko den førre regjeringa valde å gi kommunen kompensasjon for, som ein takk for forsøket.

Det meinte Ap var blodig urettferdig og Støre-regjeringa har no fjerna kompensasjonen for komande budsjettår.

– Alle kommunar som set ned skattesatsane må ta dei fulle konsekvensane sjølve, seier kommunal- og distriktsminister, Bjørn Arild Gram (Sp).

Varaordførar i Stad, Siri Sandvik (Ap) trur ikkje dette vil gå godt for kystkommunen.

– Dette er ein veldig dårleg idé. Det er heller ikkje rett at kommunane skal byrje å «fallby» kvarandre for å trekkje til seg milliardærar, seier ho.

Klar over «kommunekrig»

Stad-ordførar Gunnar Silden (V) er klar over risikoen, men òg over kommunekrigen som dette kan dra i gang.

– Eg vil ta det med i vurderinga. Men det er sjølvsagt litt spennande å greie ut ein slik formuesskatt, seier ordførar i Stad, Gunnar Silden.

Om det skulle vise seg å slå godt ut, vil han stemme for.

– Det må vere slik at kommunen går ut med ein god gevinst på det, seier Silden.

Forslaget blir behandla i kommunestyret i juni.

Gunnar Silden

SER MOT NORD: Ordførar i Stad, Gunnar Silden (V) er positiv til ideen om at også dei kan verte til eit skatteparadis.

Foto: Jon Frogner

Tør å gamble

I nord er Bø-ordførar, Sture Pedersen (H) så langt nøgd med aktiviteten skattestuntet har sparka i gang i kommunen.

– Interessa har vore so stor at vi tør å gamble, om vi skal bruke det ordet, iallfall eitt år til, seier han.

I oktober vart det kjend at skilegende og mangemillionær Bjørn Dæhlie la huset for sal og ville flytte frå bygda.

For nokre veker sida melde laksemilliærdaren Ola Braanaas at han ville flytte nordover og dermed ta Dæhlies plass.

Pedersen synst det er spennande at andre kommunar ser mot nord.

– Eg synest det er veldig flott at nokre vel å tenke utanfor boksen, og eg trur at det er lurt at dei bruker eit år på å førebu seg, seier Pedersen.