Hopp til innhold

Nøgd NM-arrangør

Jølster Maraton med største deltaking sidan 1998.

Maraton

Illustrasjonsfoto

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

- Arrangementet gjekk flott. 246 utøvarar fullførte maraton, medan kring 250 gjennomførte aktivitetane i trimklassane, seier Johnny Solheimsnes i Jølster Maraton til NRK Sogn og Fjordane.

Johnny Solheimsnes

Johnny Solheimsnes

Mange utlendingar

Solheimsnes registrerer at kring 70 prosent av deltakarane kom utanfrå fylket. Deltakarar frå både Danmark, Nederland og Sverige stilte til start.

- Vi var litt skeptiske til varmen, men det gjekk bra. Det var nokon som måtte bryte, seier han.

Audhild Hestad frå Gaular sikra gull i kvinneklassa. Det var stas for arrangøren at det var ei kvinne frå heimfylket som gjekk til topps.

Fleire maraton

- Det var kjekt. At ho skulle komme under tre timar for første gong i Jølster var veldig artig. Det ho viste i går var sterkt, og eg trur ho har kapasitet til å springe endå fortare, seier han.

Med auke i antal deltakarar ser arrangøren fram mot nye år med Jølster Maraton.

- Det at vi hadde NM samstundes gjorde nok litt på deltakartalet. Men vi kan ikkje gje oss no. Vi kjem nok til å halde det gåande i nokre år til, seier han.