Noah Solskjær: – Eg skal gje alt for Sogndal

Sonen til verdas mest kjende nordmann er klar for Sogndal. No skal Noah Solskjær (20) løftast som fotballspelar.

Noah Solskjær og Eirik Bakke

PÅ PLASS: Noah Solskjær (t.v.) blei presentert som ny Sogndal-spelar måndag. Her saman med Eirik Bakke.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det kjennest bra ut, blir deilig å komme i gang. Det har vore lite speletid i KBK etter min smak. Så når Sogndal ringde så var det eit enkelt val å kome hit og få sjansen her, seier Solskjær til NRK.

Det blir naturleg nok litt merksemd når sonen til Manchester United-manager Ole Gunnar Solskjær entrar Fosshaugane.

Sogn Avis melde nyheita først.

– Ung og ambisiøs

Men kva er eigentleg den store skilnaden på far og son?

– He he. Han er 15 centimeter lågare enn meg og ein heilt annan spelar. Han var meir ein midtspiss, eg er meir midtbanespelar.

Det er ein annan fotballegende som er hovudtrenar for Sogndal, Eirik Bakke. Han har stor tru på at Noah Solskjær vil gjere det bra i den svarte og kvite drakta.

– Han er ung, ambisiøs og ein spennande midtbanespelar med blikk for spelet og ein god venstrefot. Så skal vi prøve å utvikle det andre og ta godt vare på han, seier Bakke.

Premier League - Leeds United v Manchester United

KJEND PAPPA: Ole Gunnar Solskjær i aksjon som manager for Manchester United.

Foto: Peter Powell / Reuters

– Skal gje han tid

Målet er at Solskjær skal vere speleklar alt denne veka. Han er utlånt frå Kristiansund BK fram til august i første omgang.

– Vi skal gje han tid, så kjem han til å bli betre og betre. Så trur eg han blir ein viktig spelar for oss framover, slår Eirik Bakke fast.

På det unge Sogndal-laget blir Noah Solskjær lagkamerat blant anna med Johan Bakke, sonen til Eirik.

– No gler eg meg til å få spele for og gje alt for Sogndal.