Hopp til innhold

- Ei belønning til kyniske slangesmuglarar

- Det er ei belønning til kyniske personar som med fullt medvit har smugla ulovlege dyr inn i landet, seier dyrevernsorganisasjonen NOAH om Mattilsynet sitt forslag om å legalisere ei rekkje slangeartar.

Kongepyton

NOAH reagerer på at slanger kan bli lovlige i norske hjem. Denne kongepyton-slangen er i dag ulovlig, og ligger gjemt på eierens soverom sammen med tre andre slanger.

Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK

– Det er absurd at ein skal gjere noko lovleg fordi mange nok har brote loven. Dei som smuglar inn, kjøper eller avlar slangar i Norge i dag risikerer livet til dyret, då bryr dei seg ikkje særleg mykje om slangane i velferd, seier dyrlege i NOAH, Siri Martinsen.

Dyrevernsorganisasjonen NOAH reagerer sterkt etter Mattilsynet publiserte ei liste over slangeartar dei ønskjer skal bli lovlege å halde som kjæledyr i Norge. Dei meiner forslaget vil føre til at fleire slangar må tilbringe liva sine i glasbur.

– Det er flott at folk er interesserte i slangar og øgler, men det er ikkje behov for å importere ville og eksotiske dyr fordi ein skal glede seg sjølv, seier Martinsen.

Ønskjer strengare straffer

Eit av argumenta for lovleggjeringa av slangehald er å få bukt med smugling av herptilar.

Slangar, skilpadder, øgler, krokodiller, salamandrar, froskar og padder går under samleomgrepet herptilar.

Ifølgje ei berekning som Norsk Zoohandleres Bransjeforening gjorde for over seks år sidan, er det mellom 80.000 og 120.000 ulovlege reptilar i Norge. Talet var den gong basert på sal av utstyr i norske dyrebutikkar. Tala er usikre fordi dyra er ulovlege og derfor haldast skjult.

NOAH meiner strengare straffer, og ikkje legalisering, er vegen å gå for å få bukt med smuglinga.

– Per i dag er det slangane som får straffa, og ikkje den som er ansvarleg for dyret. Mattilsynet avliver mange herptilar kvart år. I staden ønskjer vi å gje bøter til eigarane, og heller gje dispensasjon for å halde dyr som er omplasserte, seier dyrlege Martinsen.

I både Sverige og Danmark er slangehald lovleg. NOAH meiner Mattilsynet er meir opptatt av å skape eit lovverk som liknar på nabolanda enn slangane si velferd.

– Vi må ikkje alltid leggje oss på same line som naboane. Nokre gongar må vi tenkje sjølv også. Å legalisere dyra vil føre til at talet på dyr vil auke. Dette skapar meir arbeid for allereie overbelasta dyrvernorganisasjonar som omplasserer uønska kjæledyr, seier Martinsen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Vitskapskomiteen har tidlegare kome med innspel til positivlista, og mellom anna anbefalt å fjerne klofrosk fordi den innbærer ei viss smittefare.

– Forbodet fungerer ikkje

– Det forbodet vi har i dag fungerer ikkje i praksis. Mange slangar er gøymt rundt om i Norge. Dei som har ein slange torer ofte ikkje å gå til dyrlegen i frykt for at slangen skal bli meldt inn til oss og avliva. Det er ikkje mogeleg for oss å føre god nok kontroll med ulovleg hald av slike dyr, seier Torunn Knævelsrud i Mattilsynet.

Artane som Mattilsynet ønskjer å legalisere er dei mest utbreidde artane i Norge i dag. Slangar som blir svært store eller er giftige er ikkje med på lista.

– Både i Sverige og Danmark er slangehald lovleg. Vi har opne grenser til Sverige noko som gjer det vanskeleg å handheve denne forskrifta. Gjennom å legalisere vil vi få betre oversikt og miljøet kan kome over bakken, seier Knævelsrud.

Etter det NRK kjenner til er det lista fra Norsk Herpetologisk Forening som Mattilsynet vil legalisere.