Hopp til innhold

No vil også damene ut i Nordisk

(FØRDE – STOD 0-3): Førde sine volleyballherrar har siste åra fått matcha seg i internasjonale turneringar. No håpar Hilde Elvebakk (25) at også damelaget får prøve seg i Nordic League.

Damelaget til Førde volleyball

VIL UT: Hilde Elvebakk (nummer 12) har på fem kampar sytt for 91 poeng for Førde sine volleyballkvinner. No har ho lyst til å kjempe for klubben i Nordic League.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Naustedølen noterte seg for nye 17 poeng, og vart kampens mest verdifulle spelar, då Førde tapte 0–3 (22-25, 16–25 og 19-25) for serieleiar Stod i Naustdalshallen.

Men tapet legg ikkje dempar på håpet om bronsemedalje. No håpar Hilde Elvebakk å kunne forsvare Førde sine fargar i Nordic League neste år.

– Det spørst om det ikkje bør vere ei målsetting. Då må vi ha dårlegast fjerdeplass, og dersom laget seier seg villige, så bør klubben følgje det, meiner den «heimvende» poengsankaren .

Var for ferske i Eliteserien

Herrelaget har hevda seg både nasjonalt og internasjonalt. Førre helg arrangerte Førde Volleyballklubb gruppespel i Nordic League og onsdag vitja eit av verdas beste volleyball-lag, Fakel Novy Urengoy, Førdehuset i Europacupen.

Noko slikt håpar også Elvebakk å oppleve i Førde-drakta.

– No kom eg ganske seint inn i stallen før sesongen, men eg forstod at vi hadde hatt mogelegheit til å stille i Nordisk. Klubben meinte laget var for ferske i Eliteserien, seier Elvebakk.

Kan fort få sjansen

Styreleiar Sindre Roska stadfestar dette. Avgjerda i mai i år vart fatta ut frå eit økonomisk spørsmål, samt at klubben stod med ein svært ung spelarstall.

Han seier dei ikkje har målsetting om å ha damelaget med i Nordic League før i 2015.

– Hadde vi visst at Elvebakk var i stallen denne sesongen, så kunne det fort ha endra seg. At ho no er med på laget gjer situasjonen litt annleis. Står vi med same stall til neste år, og gjer ein god figur i året sesong, så er dette ei vurdering vi må gjere til mai att, seier Roska.

Tapte for Stod

– Kanskje spelarane bør vere med og pushe litt på. Det blir gjort mykje dugnad gjennom ein sesong, men det bør vere mogeleg å gjere litt ekstra så vi får høve til å reise, legg Elvebakk til.

Førde volleyball

NØGD: Førde-trenar Jan Egil Tvinde.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Oppgjeret mot Stod laurdag enda som venta med bortesiger. Førde var godt med i første og tredje sett, men gode servar frå gjestande Stod avgjorde kampen. Vel 100 publikummarar følgde kampen i Naustdalshallen.

– Eg er nøgd med første og siste sett. Vi leia gjennom heile første sett, men vi har ei utfordring å stå imot servane i mottak, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Saknar Kasia

Tvinde legg til at laget også merkar at oppleggjar Kasia Ciesielska ikkje er med. Trenaren reknar ho som ein av dei beste oppleggjarane i eliteserien.

Ciesielska er gravid og spelte heller ikkje oppgjeret borte mot Blindheim sist helg.

– Kasia er svært god, og vi veit gjerne ikkje heilt enno kor mykje det svekkjer oss at ho ikkje legg for oss lenger. Det er ikkje det at Andrea Berge eller Ellen Bijsterbosch gjer ein dårleg jobb, men det blir store sko å fylle når den som spelte der er så god, seier trenaren.

Vil ha medalje

Etter at Førde no har møtt alle dei fem motstandarane i Eliteserien, står Førde med fem poeng. Stod leiar, med Oslo på andreplass. Blindheim har førebels tredjeplassen med like mange poeng som Førde – og med ein kamp mindre spelt.

Laget som for seks år sidan spelte i 2. divisjon siktar seg inn mot bronsemedalje.

– Så lenge vi gjer det vi skal, så bør det vere målsettinga. No har eg vel fire bronsemedaljar frå før, men ein bronsemedalje er så mykje betre enn den kjedelege fjerdeplassen, seier Elvebakk, som tidlegare har spelt for BSI i Bergen.