– Me bur langt ute, og må gjennom tre soner berre for å komma oss til Frekhaug. Då blir det dyrt å reisa vidare, seier Marion Kvalvåg.
Ho ventar på bussen som skal ta henne frå bystasjonen i Bergen og heim til Meland i Hordaland. Ein busstur som kostar 67 kroner.
No vil eit samla fylkesutval gjera det billigare for dei som bur i distrikta å reisa kollektivt inn til byen.
– Dette må gjerast enklare. Me er opptekne av at alle skal oppleva det å reisa kollektivt som attraktivt, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF).
Ei sone for Bergen og omland
I dag er kollektivtrafikken i Hordaland delt inn i 470 takstsoner.
Utvalet går no inn for at talet på kollektivsoner skal reduserast til sju – med ei stor sone i Bergen og alle nabokommunane.
Konsekvensen vert at reisande frå Os i sør til Austrheim og Masfjorden i nord kan reisa med minstetakts til Bergen.
– Den reint praktiske grunnen er at me ønsker at fleire kan gå over på mobilbillett, og då må me har færre val for å gjera det enkelt for dei reisande.
HALV PRIS: Karoline Konstanse Bjerkli må i dag gjennom tre soner på reisa mellom Bergen og Osterøy. Om endringa vert gjennomført kan ho reisa for minstetakst.
Foto: SØLVE RYDLAND / NRKLågare prisar for fleire
Også internt i regionane vil det bli billegare å reisa.
Reisande mellom Bømlo og Stord må i dag innom åtte takstsoner, men kan i framtida reisa i ei sone og sleppa unna med minstetakst.
– Ei utviding av sone Bergen vil gjera det mykje meir attraktivt og reisa kollektivt. Me vil få med oss fleire pendlarar om bord på bussane enn det me har klart i dag, seier Gustav Bahus (Frp), som også sit i utvalet.
Kan bli dyrare for dei reisande
Også i 2014 vart det jobba for at heile Hordaland skulle vera ei kollektivsone – men den politiske prosessen kollapsa då det kom til finansieringa.
Etter det NRK forstår vil den nye ordninga kosta 30 millionar i året.
Om auken vert lagt på billettprisen er det først og fremst dei reisande i Bergen som får rekninga.
Bergen vil ikkje ta rekninga
– Eg trur ikkje det blir den store summen. Dei få kronene som blir lagt på minstesatsen vil ikkje ramma spesielt tungt, seier Gustav Bahus.
EINIGE: Eit tverrpolitisk fylkesutval går samla inn for billegare buss i distrikta. På Kårbø (KrF) håpar fleire vel kollektivt med lågare prisar.
Foto: SØLVE RYDLAND / NRKDet er ikkje byråden for byutvikling i Bergen einig i.
– Eg har forståing for at fylkeskommunen ser behovet for ei opprydding i sonene. Men byrådet ønsker ikkje heva takstar i Bergen, og me er i dialog med fylkeskommunen om dette, seier Anna Elisa Tryti.
Det er endå ikkje avgjort korleis overgangen skal finansierast – og løysinga vil først komma i samband med budsjettet for 2017.