Hopp til innhold

No vert åttiåringen teke av vegen

SOGNDAL (NRK): Nettbuss Sør, tidlegare Sogn Billag, tapte tildelinga av bussruter i Sogn til bergensselskapet Tide Buss AS, etter å ha køyrt rutene i over åtti år.

Sogn Billag i Sogndal ca. 1960

ERFAREN: Sogn Billag har køyrt lokalruter i Sogn sidan 1936.

Foto: © Fylkesarkivet

– Det er klart det er vemodig, seier Per Steinar Sviggum, regiondirektør i Nettbuss Sogn og Fjordane.

Kjært born har mange namn, og Sogn Billag har hatt mange av dei. Selskapet vart skipa som dotterselskap av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane for åtti år sidan for å køyre rutebil i Indre Sogn, og har sidan det vore ein del av selskapet Fjord 1, før dei vart kjøpt opp av Nettbuss i 2011.

Administrerande direktør i Nettbuss Sogn, Per Steinar Sviggum

VEMODIG: Per Steinar Sviggum, regiondirektør i Nettbuss Sogn og Fjordane seier det er vemodig at selskapet tapte tildelinga av lokalruter i Sogn.

Foto: Anders Veberg / NRK

I dag kom meldinga om at selskapet ikkje lenger får køyre lokallrutene i Sogn, då bergensselskapet Tide AS leverte eit lågare tilbod. Den nye kontrakta vil gjelde frå 2017 til 2025.

– Det er synd at vi misser lokalkøyringa i Sogn, vi har jobba hardt for å behalde den og har prisa oss skarpt, so det er å beklage at vi ikkje nådde fram i konkurransen, seier Sviggum.

Selskapet vil fortsatt køyre ekspressbussruter og noko anna aktivitet.

Kjedeligare arbeidskvardag

Sjåførane vil vere sikra arbeid på rutene dei har køyrt tidlegare, men Sviggum meiner dei vil få ein kjedeligare arbeidskvardag då dei ikkje lenger kan kombinere lokalruter med ekspressruter og turkøyring.

– Det kan og kome endringar på den administrative sida, men det veit vi ikkje korleis det vert enno, seier Sviggum.

Dei tilsette var samla i dag og gjekk gjennom meldinga om tilbodet dei ikkje fekk.

– Det er ikkje noko gladstemning i Sogndal i dag, avslutter Sviggum.