Hopp til innhold

Har oppdaga kvifor Alvin er tjukkare enn Arthur

No har forskarar i Bergen funne ut kvifor somme spedbarn vert så store og kva betydning det har.

Alvin og Arthur i gymsalen i Glasblokkene, Haukeland Universitetssjukehus

TJUKK VS. NORMAL: Medan Alvin ligg godt over det normale er kompisen Arthur heilt gjennomsnittleg tung.

Foto: Oddgeir Øystese

Alvin er 9 månader gamal og veg litt over 13 kilo.

Det er meir enn så godt som alle jamgamle.

– Alvin har alltid hatt god appetitt. Han et til han er mett, og er stort sett i godt humør og grei å ha med å gjere.

Rabagasten leikar med kompisen Arthur på golvet i ein gymsal på Haukeland i Bergen.

Arthur veg 9,5 kilo og er heilt gjennomsnittleg for alderen. Men Alvin på 13 kilo får mykje kommentarar på kor stor han er, ifølgje mora.

– Og av og til råd om at han må få mindre mat, seier Pernille Svalastoga, som er mor til Alvin og lurer svært på kvifor somme babyar vert så store.

Svaret ligg i genane

I over 10 år har forskarane på Universitetet i Bergen forska på gen-data frå 30.000 norske småbarn og foreldrene deira.

Dette er gjort gjennom «Den norske mor, far og barn-undersøkinga».

Konklusjonen er at det er genkombinasjonar i hjernen som avgjer kor tjukke barn blir i byrjinga av livet.

– Vi har funne nøkkelen til vekst i dei første leveåra. Dette er viktig fordi det kan gje oss svar på kvifor somme utviklar overvekt seinare, seier Pål Rasmus Njølstad.

Han er overlege, professor og leiar for Senter for diabetesforsking på Universitetet i Bergen.

Professor Pål Rasmus Njølstad, UiB.

Professor Pål R. Njølstad starta studien på kvifor somme spedbarn vert store.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Den beste måten å unngå overvekt på er å førebyggje at den oppstår i 4–5 års alderen, ifølgje forskaren.

Då kan kunnskapen frå undersøkinga bli uvurderleg.

– Vi kan finne ut kva som gjer at barn legg ulikt på seg. Det kan variere. Denne kunnskapen kan ha betydning for behandling. Somme treng medisinar, andre treng å gjere noko med vanar og livsstil, seier Njølstad

Alvin Svalastog, 9 månader

METT: Alvin har alltid hatt god appetitt.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ingen fare for tjukke babyer

Tjukke babyar har ikkje større sjanse enn normalvektige for å bli store seinare i livet.

Det er ein annan konklusjon frå undersøkinga som i dag er publisert i det anerkjende tidsskriftet Nature Metabolism.

Genane som påverkar vekst i dei første månadane har rett og slett ikkje innverknad på at ein legg på seg seinare.

Difor vil professor og molekylærbiolog Stefan Johansson roe ned foreldre med store babyer. Johansson er den andre hovudforfattaren av forskingsrapporten.

Berre kos deg med den babyen. Det er sånn det skal vere tidleg i livet.

Alvin og mamma Pernille Svalastog

SUNN OG FRISK: Mamma Pernille Svalastoga seier Alvin er sunn og frisk og lett å ha med å gjere.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Alvin er på veg mot det normale

Alvin og Arthur koser seg i alle fall der dei jakter mjuke ballar i gymsalen. Det gjer mødrene deira og.

– Eg har hatt ein tjukk baby tidlegare. Og no er ho normalvektig. Så det gjer at eg er heilt roleg for Alvin, seier mor Pernille.

Svalastoga er sjølv diabetesforskar. Ho seier yngstemann har utvikla seg heilt normalt, og er sunn og frisk.

Dessutan har Alvin gått litt ned i vekt sidan han la graut til morsmjølk i kosthaldet.

– Tidlegare var han to kilo tyngre enn den øvste grafen for born på hans alder. No er han berre eit og eit halvt kilo over.