Hopp til innhold

Sundag kveld var det massetesting i tusenvis av heimar

Helsestyresmaktene har anbefalt at alle skuleborn testar seg før skulestart. I kveld er eit enormt apparat i sving over heile landet. Men nokre kommunar har ikkje fått tak i nok testar.

Tusenvis av foreldre må i kveld skaffe seg testutstyr før skulestart

DELER UT: Utdeling av testutstyr ved Nordfjordeid skule i Stad kommune i kveld.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Juleferien er over, i morgon tidleg skal hundretusenvis av skuleborn tilbake til skular over heile landet.

Men fyrst må dei stikke ein vattdott opp i nasen, om dei skal følgje helsestyresmaktene si tilråding om at alle skal teste seg for covid-19 viruset.

I Stad kommune i Vestland gjeld dette over 1000 born, og tilsette i både skular og barnehagar.

Trass i at dei offisielle smittetala for tida viser så godt som ingen smitte i lokalsamfunnet.

Alfred Heimsæter er blant dei mange hundre foreldra som har møtt opp for å hente gratis heimetest på skulen i ettermiddag.

– Personleg synest eg det kanskje er litt forhasta at borna skal gjennom dette no når det er så låge tal lokalt, men vi stiller opp og er med på det, seier Heimsæter.

Testutstyr skulestart

TUSENVIS: Gratis hurtigtestar blir delt ut til heimar over heile landet i kveld.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Tilrår alle å teste seg

I romjula bestemte helsestyremaktene å tilrå testing av skuleelevar og tilsette i skular og barnehagar i samband med oppstart etter juleferien.

Bodskapen er at alle tar ein test 24 timar før skulestart og barnehagestart måndag 3. januar. Målet er at ein lettare kan oppdage smitte, og unngå at den blir tatt med inn i skulane og barnehagane.

– Det er ikkje eit krav, men ei sterk tilråding. Det vil også bidra til å halde samfunnet meir opent på sikt, så vi tilrår dette på det aller sterkaste, sa statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Ellen Moen Rønning-Arnesen (Ap) til NRK i romjula.

Enkelte kommunar droppar testing

Men langt får alle kommunar her til lands ynskjer å teste skuleborna. I Sunnfjord kommune har kommuneoverlege Øystein Furnes valt å seie nei.

– Grunnen er heilt enkelt at vi ikkje har nok testar til dette. Det er ei gitt prioritering på kven testar skal brukast på og då er skuleborn på tredjeplass. Vi må prioritere helsepersonell og folk med symptom.

– Kva er grunnen til at de ikkje har fått tak i nok testar?

Det er ingen som får tak i testar. Vi får dei tilsendt. Nokre kommunar har fått tilsendt fordi dei har gått tomme, andre har ikkje fått tilsendt, seier Furnes.

Øystein Furnes

MANGLAR NOK TESTAR: Kommuneoverlege i Sunnfjord Øystein Furnes

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Blant kritikarane er kommuneoverlege Frode Berg i Rana i Nordland. Berre der må 5000 personar testast.

– I nokre kommunar med mykje smitte vil hurtigtesting kunne vere eit godt tiltak. Men i Rana med lite smitte vil det tømme lageret for hurtigtestar utan at vi finn særleg mange positive.

Helsedirektoratet skriv i ein e-post til NRK at forbruket av hurtigtestar har vekse så kraftig i desember at minst 12 kommunar har rapportert at dei manglar nok testar.

– Dei nye bestillingane vert leverte så snart som mogleg, desse kommunane får tildelt ekstra testar som vert levere i komande veke. Det vil nasjonalt venteleg vere bruk for å prioritere bruk av hurtigtestane til midt i januar, seier fungerande helsedirektør Johan Torgersen.

– Testing er veldig fint

Ordførar i Porsgrunn kommune, Robin Kåss (Ap) er lege av yrke, og er positiv til testinga.

– Det er fint om ein får oppdaga smitte før borna startar på skulen, slik at ein hindrar å smitte resten av klassen, derfrå går smitten vidare til familiane og så har vi det gåande. Vi kan dempe smittetrykket. Då hindrar vi sjukefråvær og beskyttar mot alvorleg sjukdom.

Ordfører i Porsgrunn, Robin Kåss.

ORDFØRAR: Robin Kåss (Ap)

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Motivasjonen er heilt grei

I Stad kommune seier kommunalsjef for oppvekst Harald Sivertsen at dei følgjer råda frå styresmaktene.

– Motivasjonen er heilt grei. Lokalt har vi to val, anten gjer vi dette så godt vi kan, eller vi stretar mot. Her i kommunen har vi valt å følgje råda frå styresmaktene. Det er eit lagspel dette.

Kommunen har erfaring med store utbrot.

– Erfaringa er at det skjer veldig fort når ein har eit utbrot.

Harald Sivertsen

FØLGJER RÅDA: Kommunaldirektør for oppvekst i Stad kommune, Harald Sivertsen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Testar i kveld for å unngå tidsklemme i morgon tidleg

Alfred Heimsæter har born både i barneskule og ungdomsskulen. Dei tar testen i kveld, innanfor 24-timars tilrådinga frå styresmaktene.

– Så slepp vi å stresse med dette i morgon tidleg og er ferdige med det.

Sjølv om han synest det er litt i overkant.

– Det er berre noko vi må stille opp og ta del i. Borna ser ikkje akkurat fram til det. Men slik er det.

Alfred Heimsæter

STILLER OPP: Alfred Heimsæter frå Nordfjordeid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK