Hopp til innhold

No stormar det i Sogndal

SOGNDAL (NRK): Hektisk møteverksemd i Sogndal fotball etter utblåsinga til Eirik Bakke.

Eirik Bakke

HARD KRITIKK: Sogndal-trenar Eirik Bakke gjekk søndag kveld ut og kritiserte bygdesamfunnet for å ikkje støtte opp om klubben.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg vart overraska, seier Tor Arne Ness, styreleiar i Sogndal.

Tor Arne Ness, styreleiar Sogndal Fotball

STYRELEIAR: Tor Arne Ness.

Foto: Bård Siem / NRK

Det siste døgnet har styret i klubben vore samla for å diskutera korleis dei skal handtera situasjonen etter at Eirik Bakke klaga over likegyldigheit og etterlyste meir engasjement i bygda. Og det berre ein månad etter at han signerte ein ny kontrakt som hovudtrenar.

Overraska er også Jon Navarsete, fotballekspert og tidlegare sogndalspelar.

Jon Navarsete

– MERKELEG: Jon Navarsete vart overraska over utspelet til Bakke.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Tida for utspelet er meir enn merkeleg. No har me ein kjempemoglegheit til å bygga noko spanande. Det er mange unge på veg som kan etablera seg om eit par år, nokon av dei er lokale. No er tida for å bygga nye Sogndal.

– Mykje negativ energi rundt klubben

Terje Rognsø, som var dagleg leiar i klubben i fire månader før han valde å trekka seg , stussar over framgangsmåten til Bakke.

– Eirik Bakke har heilt rett i at små lokalsamfunn som Sogndal er avhengige av lokal støtte for at fotballklubben skal få det til. Men nærast å true med å gå av som trenar dersom ikkje folk byrjar å møte opp på kamp, er ikkje noko eg ville ha gjort, seier han.

Terje Rognsø

SJEF I NOKRE MÅNADER: Terje Rognsø, tidlegare dagleg leiar i Sogndal Fotball.

Foto: Bård Siem / NRK

Rognsø valde i april å slutte i jobben berre fire månader etter at han vart tilsett som ny dagleg leiar i klubben. Også han lurer på kvifor Bakke seier dette akkurat no.

– Dersom Bakke over tid har vore misnøgd med situasjonen, burde han kanskje sagt ifrå i forkant av at han skreiv ny toårskontrakt. Laget spelar om kvalikplass og burde vore i angrepsposisjon. I staden er det no mykje negativ energi rundt klubben, seier han.

– Er Eirik Bakke rett mann til å trene Sogndal?

– Ein motivert Eirik Bakke trur eg kan vere rett mann. Men uansett kva trenaren heiter, må han vere motivert.

Vurderar framtida

No må klubben finna ut kva dei skal gjera vidare.

– Det blir naturleg nok fleire møter dei neste dagane, både med Bakke og andre i klubben. Me må finna ut kva me er samde om, og kva me ikkje er samde om, seier Ness.

Han forventar at Bakke følgjer den nysignerte kontrakten, og dermed er hovudtrenar når laget startar opp over nyttår. Men han understrekar at motivasjonen må vera på plass.

– Skal han vera hovudtrenar, så må han vere motivert for det.