No startar «naboen» si forklaring i retten
– Eg syns det er veldig vanskeleg å måtta sitja her og forklara for så mange menneske. Situasjonen er for å seia det enkelt «heilt jævlig».
Det sa «naboen» då han starta si forklaring i den grove overgrepssaka i Hordaland tingrett. Han og tre andre vaksne frå same nabolag i ein kommune i Hordaland er tiltalte for grove valdtekter av til saman tre barn. Dei fire tiltalte nektar straffskuld.
Dei første tre vekene har retten brukt på å sjå gjennom alle dei tilrettelagde avhøyra i saka, over 50 timar.
– Å høyra dei grusomme forteljingane frå barna syns eg er vanskeleg, sa naboen.