Hopp til innhold

Grå start på sommarferien

Starten på ferien blir grå i heile landet. Meteorologen kan heller ikkje love lengre solperiodar med det første.

7.klasse Førde barneskule.

GODT HUMØR: 7.-klassingane ved Førde barneskule lar ikkje gråvêret sete ein dempar på humøret. Fredag er siste skuledag. No står sommaren for tur. Sol eller ei!

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Gutegjengen ved Førde barneskule lar ikkje vêret sete ein stoppar for gleda ved sommarfri. Dei er mest glade for at det er siste skuledag og at ein sommar med fri står for tur.

– Det er jo berre finne på litt andre ting, seier dei og foreslår både sjakk, kortspel og ikkje minst ete godteri med ein god film på skjermen.

No er ferien i gang for mange som har planlagt både reiser og andre aktivitetar. Også vêret har mykje rart å by på dei komande dagane.

Dette skyldast eit lågtrykk vest for Vestlandet. Dette vil breie seg vidare i landet.

Skjermdump

Skjermdump frå Meteorologane.

Grå og våt start på ferien

– Fronten som kjem inn vest for Vestlandet, vil prege vêret i Noreg dei neste dagane, seier vakthavande meteorolog Ingvild Villa.

Regnbyene har alt har gjort sitt inntog i vest og breier seg vidare både sør, aust og nord. I Sør-Noreg vil lågtrykket i tillegg by på vind i løpet av helga.

Blir bra før fronten treff

– Det blir skiftande vêr i heile Noreg gjennom helga. Nokre vil oppleve det som greitt opphaldsvêr. Andre vil bli treft av byer, seier vakthavande meteorolog Ingvild Villa.

Meteorologen har tilhaldsstad i Tromsø og seier vêret der ser greitt ut.

– Ein sterk frålandsvind vil dra med seg skyene, så det blir bra. Men laurdagskveld vil også nedbøren treffe her, seier Villa.

Aust-Finnmark ser ut til å bli helgas vêrvinnar. Men også her blir det overskya og spreidd nedbør.

Når fronten har passert ser det ut til å bli greitt ein dag eller to i starten av veka. Så blir det skiftande igjen.

Skjermdump

Skjermdump frå Meteorologane.

Store temperaturskilnadar

Starten på sommarferien byr også på store variasjonar i temperaturar.

Denne helga vil Austlandet få over 20 grader på det varmaste. Vestlandet vil ligge på mellom 12 og 15 grader. Medan Tromsø vil ligge på mellom 16–17 grader, om vi er heldige, seier Villa.

Om det blir ein solperiode i Noreg seinare i sommar kan ikkje meteorologen svare på. Men ho kan slå fast at det også blir skiftande vêr vidare ut i veka.

– Det blir ikkje strålande fint over litt tid med det første, seier ho.

Gutegjengen ved Førde barneskule lar uansett ikkje vêrutsiktene gå ut over humøret. No er det ferie!

– Det er mange kjekke ting å finne på uansett vêr, seier dei.

Førde Barneskule 7.klasse.

GODT HUMØR: 7.-klassingane ved Førde barneskule gler seg uansett til sommaren! – Det er jo mange kjekke ting ein kan finne på inne også, meiner dei.

Foto: Wibeke Bruland / NRK