Hopp til innhold

Storm på kysten i dag, men det kan bli verre til helga

Det blir sterk vind i ettermiddag, men til helga kan det bli verre dersom to lågtrykk som er på veg austover råkar kysten av Sogn og Fjordane.

Storm ved Stad

FULL STORM VED STAD: Vinden aukar på utover ettermiddagen.

Foto: Torfinn Kråkenes

Statsmeteorolog Anders Sivle seier at dei overvaker nøye dei to lågtrykka som dei ser nærme seg. Truleg når dei vestlandskysten fredag og laurdag.

Anders Sivle

OVERVAKAR LÅGTRYKK: Statsmeteorolog Anders Sivle.

Foto: Marit Hommedal

– Det er litt uvisst kor sterke dei er og kvar på kysten dei treff, det kan vere Rogaland og Hordaland, men det kan og bli lengre nord.

Men også i dag blir det ruskete, seier Sivle.

– Utpå ettermiddagen aukar det på til liten storm på kysten, truleg full storm ved Stad. Også i fjellet blir det mykje vind, opp i sterk kuling. Og det blir regn dei fleste stadene i Sogn og Fjordane, det startar på kysten i ettermiddag, i indre delar kjem regnet mot kvelden.