Hopp til innhold

I Sogndal brann karta over gravplassen opp – no skal heile landet digitaliserast

SOGNDAL (NRK): Tusenvis av graver i Norge er kun registrert på gamle papirkart. I Sogndal brann karta opp og no skal norske gravplassar digitaliserast.

Stedjetunet etter brannen

KARTET FORSVANN: På kyrkjegarden i Sogndal mista dei kartet over gravplassen i ein stor brann i desember.

Foto: Politiet

– Me stod nærmast på bar bakke for å finna graver til dei som døydde. Me måtte henta inn ein del puslespelbitar av kartutsnitt som me har sendt til gravaren tidlegare, seier Jorunn Merete Haukås-Eide, kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger.

Brann

BRANN OPP: Stedjetunet i Sogndal vart totalskadd i brannen i desember. Då brann også kyrkjegardskarta opp.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

Ho snakkar om ein av utfordringane kyrkjekontoret i Sogndal fekk etter at gravkarta til kyrkja i Sogndal og Leikanger brann opp i desember. Dei einaste fullstendige kopiane av karta for dei seks gravlundane i Sogndal og Leikanger fanst berre på papir, og gjekk opp i røyk då Stedjetunet vart totalskadd i brann.

– Veldig sårbare

Veldig mange gravlundar i Noreg manglar digitale kart over kvar gravene er plassert. Gravkarta må vera oppdaterte og detaljerte for at det til blir grave på rett plass, eller når det skal gjerast anna arbeid på gravlundane.

Eirik Stople

Eirik Stople er seniorrådgjevar i Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter.

Foto: Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter

– Me kan ikkje gjera noko på ein gravplass utan at me har det registrert i eit gravkart. Eit digitalt gravkart vil vera langt sikrare og at det gir andre bruksområde enn dei gamle gravkarta, seier Eirik Stople, seniorrådgjevar i KA (Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter).

Fungerer i lag med andre kart

Men ei endring er på trappene. Ein ny lovheimel er snart klar, som skal sikra at alle nye gravkart skal registrerast digitalt etter ein lik standard for heile landet.

– Då vil gravkartet kunne lesast saman med andre kart som kommunen har. Og det blir tryggare enn papir, seier Åse Skrøvset, gravplassrådgjevar i Den Norske Kyrkja.

Standarden er «SOSI», som er den nasjonale standaren for geografisk informasjon .

– Det som er så unikt no, er at du får koordinatar til alle gravene. No får karta ein feilmargin på berre 3–5 centimeter, seier Stople.

Dei nye reglane for nye gravlundar, eller eksisterande som skal byggjast ut eller endrast. Men Skrøvset trur at kyrkjeråda rundt om i landet på sikt kjem til føra alle sine kart etter den nye standaren. Etter kvart håpar dei også at dei får på plass ein nasjonal database med alle gravkarta i Noreg.

Prøveprosjekt i Sogndal

Mykje på grunn av at dei mista sine gravkart, er kyrkja i Sogndal og Leikanger med i eit prøveprosjekt der nye gravkart skal teiknast ved hjelp av droneteknologi, og registrerast etter SOSI-standaren.

Blir det vellukka, håpar kyrkja, KA og styremaktene at alle som manglar digitale kart av eksisterande gravlundar, vil gjera det same.

Jorunn Merete Haukås-Eide

Jorunn Merete Haukås-Eide er kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ting vil bli mykje lettare for oss å sjå kor gravene ligg i terrenget, og kor me kan setja neste grav, seier Haukås-Eide.