Hopp til innhold

No skal alle «opp om morran»

NORDFJORDEID (NRK): Mottakarar av sosialstønad skal opp av sofaen og ut og gjere nyttige oppgåver. Frå nyttår varslar regjeringa at det vert innført aktivitetsplikt for mottakarar av sosiale tenester over heile landet.

I ARBEID: I Eid har ein alt sett i gong med eit aktivitetsprogram for dei som er utanfor arbeidslivet.

Tre karar kostar kring den nyrenoverte fontena i Kyrkjeparken på Nordfjordeid. Det er siste hand på verket for fontena som har fått ny botn og tette sider.

I Eid får folk utanfor arbeidslivet tilbod om å bli sett i aktivitet av kommunen, snart kjem ordninga over heile landet.

– Det er eit flott alternativ til å sitje heime, seier Per-Åge Wahlberg.

Per-Åge Wahlberg

NØGD: Per-Åge Wahlberg er nøgd med at Kyrkjeparken og fontena snart er i stand.

Foto: Steinar Lote / NRK

Arbeidskameraten Bjørnar Agledal Rangsæter er samd.

– Du kjem elles lett inn i ein periode der du føler du ikkje kan gjere noko nytte for deg, seier Rangsæter.

No kjem aktivitetsplikta

Politikarane har snakka om målet i årevis. Ap-statsråd Bjarne Håkon Hanssen var kanskje den fyrste som sa at folk skulle "opp om morgonen". Frp-statsråd Robert Eriksson ville innføre kravet frå 2015, det viste seg å ta fleire år.

Men no har regjeringa klart eit lovframlegg der aktivitetsplikt kjem i alle kommunar i Noreg, framlegget kjem etter at Stortinget bad om ordninga.

Statssekretær Christl Kvam seier regelen i fyrste omgang skal gjelde for folk under 30 år. Alle som har helse til det skal vere i aktivitet, og gjennomføre pliktene kommunen krev.

Christl Kvam

FRÅ NYTTÅR: Frå nyttår tek regjeringa sikte på at aktivitetsplikta skal vere innført. Det føreset at eit lovframlegg går gjennom Stortinget.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det viktige er å kome seg i aktivitet og opp av sofaen, seier Kvam.

– Folk som ikkje møter mister pengar

Folk som er i form til å gjere noko, men som nektar, vil få mindre pengar.

– Dei som ikkje møter og som nektar å møte i aktiviteten vil få redusert sine ytingar.

Kan dette bli oppfatta som ei straff?

– Kommunen skal ha god dialog med sine sosialhjelpsmottakarar. Dette er meint som ei moglegheit og ikkje ei straff.

Flyktningar sett i aktivitet

VANLEG SYN: På Nordfjordeid har dette vore eit vanleg syn i sommar. Her er flyktningar med på aktivitetstilbodet til Eid kommune.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Aukar sjansen for arbeid

Nokre kommunar er alt i sving. I Eid kommune får folk utanfor arbeidslivet oppgåver.

Bodil Førde

TIDLEG UTE: Leiar i Nav Eid Bodil Førde har hausta gode erfaringar med å tilby aktivitetar. Eid og nokre andre kommunar har alt sett i gong med aktivitetstilbod.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Ved å gi folk arbeidstrening og ein referanse så aukar sjansen for å kome inn i vanleg arbeid, seier leiar i Nav Eid Bodil Førde.

Christl Kvam seier kommunane har hausta gode erfaringar.

– Eg meiner Eid kommune jobbar frykteleg godt med dette, også fleire andre kommunar er godt nøgde med ordninga, seier Kvam.

Stortinget bad regjeringa i fjor om å innføre aktivitetsplikt. Men fyrst måtte KS og staten bli samde om kva kommunane skal få i kompensasjon for større utgifter. Partane er no samde, men regjeringa kan ikkje seie noko no om kva ordninga vil koste.

– Har lært mykje

Bjørnar Agledal Rangsæter

LÆRERIKT: Bjørnar Agledal Rangsæter trur arbeidserfaringa og kursa kan vere nyttige i framtida.

Foto: Steinar Lote / NRK

Tilbake i Kyrkjeparken på Nordfjordeid er oppdraget snart utført, og vatnet fossar i fontena.

– Vi lærer veldig mykje nytt. Dette kunne eg aldri ha tenkt på å gjere før, seier Rangsæter.