Hopp til innhold

No skal elevane lære meir om pengebruk

FLORØ (NRK): Velferdsstaten har svikta ungdomen i å lære dei om personleg økonomi, seier ny forskingsrapport. No skal elevane få betre opplæring i pengebruk.

Elevar ved Flora vidaregåande skule f.v. Ina Brendø, Ole Mowatt Solheim og June Mowatt Solheim.

VEIT IKKJE: – Vi har ikkje merka så mykje til den nye planen som kom no i haust. Men det er forhåpentlegvis ei forbetring som kjem, seier Ina. Ho, June og Ole går siste året ved Flora vidaregåande skule.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

– Det blir vanskeleg å meistre livet om ein ikkje kan meistre økonomien sin, seier Ina Brendø.

Ho og tvillingane June og Ole Mowatt Solheim går siste året ved Flora vidaregåande skule.

– Eg kan ikkje så mykje om kva eg skal bruke pengane mine på. Kva eg bør spare til, og korleis eg skal betale rekningar, seier June Mowatt Solheim.

– Dette kan vere nyttig å lære på skulen, svarar tvillingbroren Ole Mowatt Solheim.

Lærer minst frå skulen

I ein rapport frå Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har forskarar identifisert åtte ulike «kunnskapskanalar» kor folk lærer om personleg økonomi.

Den vi lærer mest frå er eigen erfaring. Heilt sist – etter mellom anna foreldre, bank, partnar, venner og jobb – kjem skulen.

– Det er eit faresignal til samfunnet når du lærer mest om personleg økonomi frå eigen erfaring, seier Nan Zou Bakkeli, ei av dei som står bak rapporten.

Når skulen ikkje er høgare oppe, gjer det at økonomiske problem lettare kan «gå i arv» og «forsterke forskjellar», seier ho.

– Skulen har ein funksjon når det kjem til å jamne ut forskjellar.

Forskar ved OsloMet Nan Zou Bakkeli

ROPER VARSKU: – Det er eit faresignal til samfunnet når du lærer mest om personleg økonomi frå eigen erfaring, seier Nan Zou Bakkeli ved Oslomet.

Foto: OsloMet

– Skulen kan ikkje ta alt ansvaret

– Målet er å ruste elevane best mogeleg for framtida, uttalte kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) da han i fjor la fram den nye læreplanen.

Den nye planen vart innført denne hausten.

– Læreplanane legg meir vekt på at læring om personleg økonomi er viktig for at elevane skal meistre liva sine, forklarer avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Hedda Birgitte Huse.

Ho presiserer at skulen berre kan vere ein av fleire «kunnskapskanalar».

– Skulen kan ikkje ta ansvaret for all læring om personleg økonomi.

Jan Tore Sanner

BETRE RUSTA: – Målet er å ruste elevane best mogeleg for framtida, uttalte kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) da han i fjor la fram den nye læreplanen.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

Fagsjef i Finans Noreg, Hilde Elisabeth Johansen, understrekar at ho er «glad for at unge no får systematisk opplæring», men minner om at kompetansemåla ikkje er eit trylleformular.

– Det er ingen garanti for at meir økonomiopplæring vil hindre unge i å få økonomiske problem, seier ho.

– Bør bli eit eige fag

– Det er ein god start, men eg trur vi trenge meir, seier Lene Drange.

Ho er forbrukarøkonom og programleiar i Luksusfellen. I tillegg driv ho Verdistiftelsen, som reiser rundt på vidaregåande skular og lærer elevar om økonomi.

Aller helst hadde ho sett at personleg økonomi vart eit eige fag.

– Dette er meir som ein liten smakebit. Det er ikkje stort nok, seier ho.

Barne- og familiedepartementet har varsla ein handlingsplan for å auke den økonomiske kompetansen i befolkninga. Til grunn ligg mellom anna nemnde SIFO-rapport.

– Formålet med strategien er å styrke økonomiforståinga i befolkninga, seier Kjell Ingolf Ropstad.

Barne- og familieministeren legg til:

– Kunnskap er viktig for å ta kloke økonomiske val. Uheldig opptak av forbrukslån og udisiplinert bruk av kredittkort kan få store konsekvensar for den enkelte, familien og samfunnet.

Ropstad

RISIKABELT: – Kunnskap er viktig for å ta kloke økonomiske val. Uheldig opptak av forbrukslån og udisiplinert bruk av kredittkort kan få store konsekvensar, seier Kjell Ingolf Ropstad.

Foto: Sara Høines / NRK

– Kan hjelpe på motivasjonen

Ina, Ole og June er snart ferdig med vidaregåande, men syns det er fint at kulla under dei får sjansen til å lære meir om privatøkonomi. Og om kva algebra har med saka å gjere.

– Du sitt der med desse algebra-likningane og skjønner ikkje heilt kva du skal bruke det til, seier Ina.

– Eg trur det kan hjelpe på motivasjonen om du veit at du får bruk for dette seinare i livet, seier June.