Hopp til innhold

No skal ein miniubåt søke etter sakna mann

ÅRNES (NRK): I dag blir det sett inn miniubåt i søket etter bilen som vart teken av raset på sørsida av Jølstravatnet tysdag kveld. Evakuerte har no flytta heim.

OVERFLATESØK: Det blir søkt i overflata etter bilen og den sakna mannen. (FOTO: LINDA OLIN REITE/NRK)

– Vatnet byrjar å klårne slik at båtane får betre sikt, men det er viktig å ikkje forkludre det til undervassbåten kjem, seier brannmann i Jølster, Bjørn Støfring.

Ein mann i 50-åra er sakna og antatt omkomen.

Den fjernstyrte miniubåten var venta å kome til staden klokka 12 i føremiddag, men det er vanskeleg å få frakta miniubåten inn i området fordi vegen framleis er stengt.

Grunna rasfare på sørsida er det ikkje forsvarleg å sende ned dykkarar eller småbåtar tett på land, skriv politiet i pressemeldinga.

Det er kring 70 til 80 meter tvers over fylkesvegen som er borte etter raset som gjekk på Årnes der bilen vart teken, fortel Støfring.

Han seier det kjem til å ta opp til fleire veker før vegen blir opna igjen.

– Det er mykje arbeid. Så skal søket bli avslutta og eventuelle funn bli gjort før det blir starta med maskinarbeid her, seier Støfring.

Skal søke ved hjelp av magnetisme

– Det er ein båt med ROV, det vi seie undervasskamera. Det vil bli søkt med magnetisme etter bilen, fortel politioverbetjent Synnøve Domben.

Det har vore dårleg sikt i vatnet fram til no. Domben seier det framleis vil vere aktuelt å ha overflatesøk ved hjelp av båt. Dei vil også halde fram med strandsøk for å sjå om dei kan finne delar frå bilen som flyt opp. Det kan gje indikasjonar på kvar han kan vere.

Fleire såg bilen forsvinne i vatnet

Innsatsleiar for politiet, Øystein Russenes fortel at dei har fleire vitneobservasjonar på at mannen vart teken av raset og ført ut i vatnet.

Blant dei var Randi (83) og Paul Solheimsnes (89).

– Vi såg ein bil køyre mot raset. Eg sa til mannen min at «gud, han går i raset». Og det gjorde han, fortel Solheimsnes til VG.

Røde Kors deltok i søket

Det har vore hektiske døgn for Røde Kors. Jølster Røde Kors starta arbeidet med å ta i mot evakuerte frå nærområdet til Gjesthalla på Vassenden. Stryn og Eid Røde Kors stilte med redningsbåtar.

Einar Helge Hansen i Jølster Røde Kors Hjelpekorps rosar innsatsen til mannskapet.

– Nokon kryssa heile Jølstravatnet med båt for å levere mat til evakueringssenteret, andre stilte opp med båtar til evakuering, og mange hjelpte til med å organisere mat og overnatting, seier han.

Redningsbåtane til Stryn og Eid var i aksjon til midnatt og jobba primært med å evakuere innbyggjarar og personar som sat fast mellom ras. Dei var også involverte i eit grovsøk ved raset på Årnes.

Alle evakuerte har flytta heim igjen

Ordførar i Jølster kommune, Oddmund Klakegg (Sp), fortalde i morgontimane i dag at dei som var evakuert er tilbake i husa sine.

Han seier mange av innbyggjarane har hatt sterke opplevingar.

– Eg er stolt og imponert over frivillige og sambygdingar. Det er rørande å sjå at mange har gjort mykje, seier Klakegg.

Her kan du sjå dei store øydeleggingane i Jølster etter fleire jordras.

HERJA MED NATUREN: Her kan du sjå dei store øydeleggingane i Jølster etter fleire jordras.