Hopp til innhold

Frykt for dødeleg sjukdom gjer at staten vil ha massejakt på elg og hjort i haust

Frykta for at den dødelege dyresjukdomen skrantesjuke skal spreie seg enda meir, gjer at det blir vurdert å sette inn statlege jegarar for å skyte hundrevis hjort og elg i haust.

Kronhjort hjort bukk frønningen

TA MEIR UT: Villreinstamma i Nordfjella blir i desse dagar utrydda. No ber Mattilsynet også om monaleg større uttak av hjort og elg i kommunane rundt Nordfjella, for å hindre spreiing av skrantesjuka (CWD)

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Under årets haustjakt må jegerane i kommunane rundt Nordfjella felle opp til dobbelt så mange hjort enn vanleg for å hindre spreiing av skrantesjuka. Klarar dei ikkje det, kan Staten setje inn statlege jaktlag.

Det stadfestar direktør for planter og dyr i Mattilsynet, Karen Johanne Baalsrud, til NRK.

I eit brev som vart sendt til kommunane på aust- og vestsida av Nordfjella i vår, ber Mattilsynet om at det blir teke ut monaleg meir hjort og elg denne haustjakta, enn kva som er vanleg.

karen johanne baalsrud

STATEN INN: Direktør Karen Johanne Baalsrud i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

Skrantesjuka trugar

Bakgrunnen er den dødelege og smittsame skrantesjuka, eller Chronic Wasting Disease, som er påvist på villreinen i Nordfjella.

Det er ikkje påvist skrantesjuke på hjort i Norge. Og forskarane veit heller ikkje om sjukdomen smittar frå reinsdyr til hjort. Men Mattilsynet ønsker å vere føre var.

– Erfaringane frå USA, som har hatt skrantesjuke i 50 år, viser at sjukdomen er funnen på fire ulike hjortedyr, seier Baalsrud.

Dei lokale viltforvaltingane, grunneigarane og jegerane rundt Nordfjella følger opp ønsket frå Mattilsynet med ambiøse mål:

  • I Lærdal er målet å felle dobbelt så mange hjort i år, totalt cirka 700–750 dyr
  • I Aurland skal det fellast 30 prosent meir enn vanleg, rundt 210 dyr
  • I Årdal auka fellingane i fjor med 35 prosent av andre årsaker. Likevel skal avskytinga aukast ytterlegare i år, håpet er 200 dyr.
  • I Hol vil jaktvalda ta ut restkvotar frå tidlegare år. Etterslepet har potensial i seg til å doble uttaket av hjort i nokre område.
  • I Ål i Hallingdal er det lite hjort, men målet er å auke uttaket med 50 prosent. Kvotane på elg blir sikra på rundt 125 dyr, trass i at stammen er mindre enn før.
  • I Hemsedal skal dei også ta att etterslepet på felt elg dei siste to åra. Oppmodinga går på å skyte 70 elg og 50 hjort.

– Må ned mykje

– I prinsippet må ein ta ned hjortestamma så mykje som mogleg for å få bukt med skrantesjuka, seier viltforvaltar Knut Fredrik Øi i Aurland, Lærdal og Årdal.

Han har oppmoda fleire vald i sitt område til å doble nedskytinga av hjort i år.

Knut Fredrik Øi

VILTFORVALTAR: I Aurland, Lærdal og Årdal, Knut Fredrik Øi.

Foto: Aurland fjellstyre

Direktør for planter og dyr i Mattilsynet, Karen Johanne Baalsrud, seier at Mattilsynet vil unngå at hjort og rein blandar seg.

– Hjort har lett for å trekke til fjells, og vi ønsker å unngå at dei er i område der dei kan gå i lag med reinsdyr.

– Dersom dette skjer og det ikkje er blitt teke ut mange nok hjortedyr, vil vi vurdere å sette inn statleg jakt også der, seier Karen Johanne Baalsrud.

Ho understrekar at det vil skje i dialog med lokale viltforvaltarar, jegerar og grunneigarar. Skal statlege jaktlag inn i bildet, er det Statens naturoppsyn som tek over.

– For mange hjort

Haustjakta startar i september.

Sidan tidleg i august har den største nedskytinga av villrein nokon gong gått føre seg i Nordfjella. Jegerane skal ta ut store deler av stammen under den utvida reinsjakta, men innan mai neste år skal alle villrein vere vekke frå det store fjellområdet – det dreiar seg cirka 2500 dyr.

Ole Bjarne Hovland, grunneigar og jeger i Naddvik i Årdal, tykkjer det er fornuftig at hjortestamma blir redusert.

Ole Bjarne Hovland

BONDE: I Naddvik i Årdal, Ole Bjarne Hovland.

Foto: Privat

– Vi må unngå at skrantesjuka smittar til hjort. Bestanden har også auka ganske kraftig med store flokkar inne på bøane som eter opp foret til sauene. Mange hjort er også blitt mindre i vekt. Det er ikkje nok mat til alle om vinteren, seier Hovland.