Hopp til innhold

No skal det bli endå kaldare

Finn fram dei varmaste kleda du har: Allereie frå i kveld er det venta at temperaturen skal falle kraftig - og det skal bli ein svært så kald nyttårsaftan i fylket.

Kaldt i Førde
Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Eg ser ikkje bort frå at vi kan sjå minus 20 grader på dei stadene som er mest utsette, det vil særleg seie skjerma dalstrok - og det er jo mange dalar og fjordar i Sogn og Fjordane, seier statsmeteorolog Ingmar Vikane.

- Vi har Fjærland for å nemne ein stad. Også Førde er kjend for å få låge temperaturar når forholda ligg til rette for det, legg han til.

Nyttårshelga blir truleg kaldast

Også perioden fram mot jul var prega av mykje kaldt vêr i Sogn og Fjordane.

- Temperaturen vil bli i den kategorien. Luftmassen i området er kald. I tillegg blir det lite vind og klarvêr - og når desse faktorane spelar saman, blir det veldig kaldt. Så temperaturane kan gjerne bli lågare enn før jul også, seier Vikane.

- Når blir det kaldast?

- Nyttårsaftan er mellom dagane som peikar seg ut. Men det blri også kaldare 2. januar, og det er kanskje denne dagen som peikar seg ut som den aller kaldaste morgonen, seier Vikane.

- Nye rekordar ikkje usannsynleg

Statsmeteorologen viser til at Fjærland sin førebels kulderekord er på 20,2 minusgrader. Men her har målstasjonen rett nok berre vore aktiv sidan 2005.

På målestasjonen på Tefre i Førde har ein drive med målingar sidan 1992. Kulderekorden for desember er frå 2001, og er på minus 18 grader.

- Kan vi vente oss nye rekordar no?

- Eg torer ikkje seie det, men det er iallfall ikkje usannsynleg med nye rekordar på dei unge stasjonane, seier Vikane.

Ikkje snø til skisentera

Allereie frå i kveld er det venta at temperaturane vil byrje å falle merkbart. Meteorolog Jørgen Grønneberg oppmodar folk om å finne fram dei varmaste kleda sine.

Samstundes ventar meteorologane lite snø over Sogn og Fjordane.

Det er dårlege nyhende for snøhungrige skisenter.

- Skisentera må nok ty til snøkanonar der det er lite snø, seier Grønneberg.

DU KAN SJØLV SJEKKE VÊRVARSELET HOS YR.NO.