Hopp til innhold

No skal dei syngje for dronninga

FØRDE (NRK): Førde internasjonale kor har blitt eit høgdepunkt i kvardagen til både lokale songentusiastar og innvandrarar i kommunen. No har dei fått ei gledeleg melding.

Førde internasjonale kor

TENOR?: Dei mørkaste stemmene i koret viser fram det dei har lært til damene.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– A few hours ago I got a telephone from United World College. And the Queen is coming! They asked us to sing for her, seier Jorunn Bakke Nydal på det einaste språket alle i koret forstår.

Koristane blir tydeleg forbausa, og nervøs latter brer seg over stolane i Bystyresalen.

Kvar tysdag samlar dei ivrige koristane seg i det inkluderande miljøet i tredje etasje på Førde Rådhus. Denne veka fekk dei førespurnad om å syngje for sjølvaste Dronning Sonja når ho kjem til United World College i Flekke 21. september.

VIDEO: Her får du ein smakebit på kva Førde internasjonale kor kan by på. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Ein møtestad open for alle

 Jorunn Bakke Nydal

DIRIGENT OG PÅDRIVAR: Jorunn Bakke Nydal er musikkterapeut i Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Det internasjonale koret starta som eit samarbeidsprosjekt mellom Førde kommune, Røde Kors, kyrkja og oss i Fylkeskommunen, seier musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal.

Ho er ein av pådrivarane bak dei tverrkulturelle songsamlingane.

– Me tenkte at me skulle prøve å jobbe fram ein møtestad som kunne vere open for alle.

Det fekk dei i aller høgste grad til. Godt over 20 songfuglar dukka opp på tysdag, og sjølv om tala på frammøtte varierer frå veke til veke, er det alltid mange som kjem.

– Det er kjempeflott at kommunen no legg til rette for at det kan vere ei korøving kvar veke, og det til og med i Bystyresalen. Å delta i kulturaktivitet, det gjev meining. Og det lyftar ein, seier Bakke Nydal.

Qaisar-Shah (24) og Yousif Ismail (34)

TAKKSAME: Qaisar-Shah (24) og Yousif Ismail (34) er klare for korøving.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Takkar førdianarane

Yousif Ismail (34) er ein av dei mange asylsøkjarane på Bergum mottakssenter som ser fram mot øvingane.

– Det er veldig koseleg. Vi som ikkje har jobbar treng ein stad vi kan gå til, ein stad å møte folk. Her er det menneskje frå alle stadar i verda. Her lærer vi å snakke norsk. Dette er bra for oss, seier han.

Han er frå seg av begeistring over kor inkluderande og snille førdianarane har vore med sine nye sambygdingar.

– Eg har ikkje opplevd noko dårleg sidan eg kom hit, folk har berre vore bra. Eg vil gjerne takke folka i Førde fordi dei er så snille, smiler han.

Førde internasjonale

LYFTAR TAKET: Førde internasjonale kor øver i Bystyresalen på rådhuset.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK