Hopp til innhold

No skal dei slutte å spørja jobbsøkarar om kven dei bur med

Bjørgvin bispedømme sluttar å spørja jobbsøkarar om samlivsforma deira. – Eit nei til å diskriminera på grunn av seksuell legning, jublar medlem i bispedømmerådet.

Johanneskirken i Bergen

KYRKJE: Bjørgvin bispedømme skal ikkje lenger spørja jobbsøkarar om samlivet deira. Her er Johanneskirken i Bergen.

Foto: Lene Granli / NRK

– For oss som har jobba med dette ei stund, er dette ein hyggeleg dag, seier Karl Johan Kirkebø, medlem i Bjørgvin bispedømmeråd.

Fredag var han ein del av fleirtalet som vedtok at bispedømmet ikkje lenger skal spørja jobbsøkarar om samlivsforma deira.

Agder og Telemark bispedøme sa nei til den same praksisen i september, medan Møre valde å halde fram med praksisen. Det same gjer Stavanger bispedømme.

– Det betyr at Bjørgvin seier klart ifrå at me ikkje ynskjer å diskriminera søkjarar på grunn av seksuell legning, seier Kirkebø.

Listetopp for Åpen folkekirke i Bergen, Karl Johan Kirkebø

SLUTT PÅ DISKRIMINERING: – Dette betyr at Bjørgvin seier klart ifrå at me ikkje ynskjer å diskriminera søkjarar på grunn av seksuell legning, seier Kirkebø.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Biskopen: – To likestilte syn i kyrkja

To av medlemmene i bispedømmerådet, Anita Apelthun Sæle og Per Hilleren, tok til orde for å fortsette som før.

– Når det er to syn i kyrkja, må det vera like rett å spørja etter dei som støttar opp om det klassiske ekteskapssynet, sa Hilleren i møtet.

Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, meiner det ikkje lenger er grunn til å stille spørsmålet.

– Uansett syn på likekjønna samliv, er det to likestilte syn i kyrkja. Difor, om det er eit ynskje lokalt, bør ein kunna tilsetja prestar som lever i eit likekjønna samliv, seier han.

Vebjørn Selbekk, redaktør i Dagen, er «langt på veg samd med biskopen».

– Denne saka vart i praksis avgjort då det klassiske synet på ekteskapet leid nederlag på Kyrkjemøtet i 2017, seier han.

I 2016 vedtok Kyrkjemøtet at personar av same kjønn kan gifte seg i kyrkja. Året etter vedtok dei ein liturgi for likekjønna ekteskap.

Per Hilleren

LIKE RETT Å SPØRJA: – Når det er to syn i kyrkja, må det vera like rett å spørja etter dei som støttar opp om det klassiske ekteskapssynet, sa Hilleren i møtet.

Foto: Sondre Dalake / NRK

– Ikkje relevant kven presten er gift med

Martin Enstad er leiar i Presteforeininga, som er arbeidstakarforeininga til prestane.

Han kallar det «eit godt vedtak»

– Når kyrkja har to syn på ekteskapet, er det ikkje relevant kven presten er gift med. Vedtaket er også viktig i lys av den ferske rapporten «Å vere ei sak», som viser at kyrkja framleis har mykje å gjera for at tilsette med LHBT-identitet skal føla seg likeverdige med andre tilsette, seier han.

Therese Utgård er leiar for Åpen Folkekirke i Møre. Ho gler seg over vedtaket, men meiner det viser problemet med at slike spørsmål vert avgjort lokalt.

– Ein bør løfta det på eit lokalt nivå slik at det vert føreseieleg. Då veit prestane kva dei skal forholda seg til i heile landet. Særskilt i lys av den siste LHBT-undersøkinga, så er det god grunn til å ta spørsmålet om utlysingstekst og samlivsform opp på nasjonalt nivå og skapa føreseielege rammer for tilsette, seier ho.

Mikael Bruun-saka

Bispedømmerådet i Bjørgvin vedtok fredag også at dei aktivt «vil fremja eit arbeidsmiljø der kvinner og menn gjensidig opplever anerkjenning for prestetenesta si».

Vedtaket kjem etter den såkalla Mikael Bruun-saka.

– Det betyr at me har tatt arbeidsmiljøet til kvinner på alvor, og seier at dei er ein viktig del av dei tilsette i kyrkja. Dei skal sjølvsagt ha eit ordentleg arbeidsmiljø, seier Kirkebø.