No skal fjordkryssinga i Sogn greiast ut

Samferdsledepartementet tek sikte på å vere ferdig med utgreiinga for kryssing Sognefjorden med bru mellom Lavik Og Oppedal våren 2016. I HAFS fryktar dei følgjene av utgreiinga.

Røyrbru E39

TESTA UT: Røyrbru er eitt av alternativa som vert vurderte over Sognefjorden. Ifølgje testar toler ei slik bru ein skipskollisjon utan at det vert katastrofe.

Foto: Statens vegvesen

Med dette blir den siste konseptvalutgreiinga for ferjefri E39 sett i gang. Utgreiinga skal vere ferdig i løpet av våren 2016.

Målet med utgreiinga er å redusere Sognefjorden som barriere, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

– E39 skal bli ei effektiv nasjonal transportåre. Moderne transportinfrastruktur er eitt av regjeringas mest tydelege mål, slik at vi knyter landet saman på ein god måte og gir næringslivet betre vekstvilkår, seier han i ei pressemelding.

Fryktar følgjene

Det er ulike variantar av kryssingar av Sognefjorden i dagens korridor for E39 mellom Oppedal og Lavik som skal greiast ut, både som fast samband eller alternative ferjeløysingar.

Jan Olav Gjerde

FRYKTAR: Jan Olav Gjerde og regionrådet i HAFS ynskjer seg fjordkryssing i ytre Sognefjorden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Både Fylkestinget og kommunane langs kysten har bede om at ein vurderer og greier ut ei ytre kryssing av Sognefjorden . Leiar av regionrådet i HAFS, Jan Olav Gjerde fryktar det vil ta lenger tid å få realisert ei bru når ein held fast på kryssing Lavik-Oppedal.

– Vårt poeng var å sjå på ei kryssing lenger ute, som ville vere mykje billegare og der det er kjent teknologi slik at ein kunne få til ei kryssing innanfor eit rimeleg tidsperspektiv. No fryktar eg at den kryssinga er skubba ut i langt i det fjerne, seier han.

Avgrensa område

I brevet som Samferdsledepartementet har sendt Vegdirektoratet understrekar statsråden at sjølv om det er eit avgrensa geografisk område som skal analyserast, så vil endringar i sambandet over fjorden ha verknader langt utover det aktuelle utgreiingsområdet.

Gjerde har registrert understrekinga.

– Vi får sjå kva som kjem, men eg tenkjer at reint samfunnsøkonomisk så hadde ei kryssing i ytre vore langt å føretrekke. Det hadde løyst ut veldig mykje meir også i høve til Kystvegen, enn det ei kryssing på Lavik–Oppedal vil gjere, seier regionrådsleiaren.