Hopp til innhold

No bør svindlarane skjelve i buksene

Triksing med kilometerteljaren er ifølgje NAF eit enormt problem som kostar norske forbrukarar milliardar av kroner. No kan bruktbilkjøparane sjølve avsløre jukset.

Kilometerstand

JUKS: Ved å skru kilometerteljaren tilbake kan bruktbilen stå fram som meir attraktiv for potensielle kjøparar. Problemet kan bli at folk kjøper «katten i sekken».

Foto: Børge Sandnes / Scanstock Photo

Kristian Andrè Sæbø, overingeniør Statens vegvesen, region Vest

DELER INFO: Kristian André Sæbø i Statens vegvesen seier dei no har nettløysingar som enkelt gjer det mogleg å dele informasjon om kilometerstanden med forbrukarane.

Foto: Anna Gytri / NRK

Med enkle tastetrykk klikkar overingeniør Kristian André Sæbø i Statens vegvesen seg inn på eigne nettsider. Her kan kven som helst no finne ut kor langt ein bil har gått. Alt du treng er registreringsnummeret (sjå faktaboks).

– Folk vil gjerne vite om det er juksa med kilometerstanden, og no deler vi informasjonen vår med forbrukarane, seier Sæbø.

Kostar opp mot fem milliardar årleg

Inger Elisabeth Sagedal

SIGER: Inger Elisabeth Sagedal seier det er ein siger for forbrukarane at tenesta endeleg er tilgjengeleg på nett.

Foto: Erik Norrud / NAF

Skal ein tru NAF og Forbrukarrådet er dette ei etterlengta gåvepakke til bruktbilkjøparar.

Mange har nemleg opplevd at bruktbilen dei har kjøpt har gått lenger enn seljaren sa. I ein NAF-rapport frå 2013 går det fram at juks med kilometerstanden kostar norske forbrukarar mellom to og fem milliardar kroner i året.

– Det finst enkle, små datamaskiner som alle kan få kjøpt, som brukast til å trikse med kilometerstanden. Dette er ein moglegheit fleire kriminelle har nytta seg av, fordi ein veit kor stort verditapet på bil er, spesielt i Norge der bil er så dyrt som det er, seier kommunikasjonssjef Inger Elisabeth Sagedal i NAF.

Lang kamp

Registrert kilometerstand på bruktbil

EU-KONTROLL: Kilometerstanden du får opp på Vegvesenet sine nettsider er tala som er rapportert inn frå verkstadane som har hatt bilen til EU-kontroll.

Foto: Anna Gytri / NRK

Skal du kjøpe bruktbil er kilometerstanden noko av det første du ser på. Om den er triksa med får det fort konsekvensar. Har ein bil gått lenger enn du får oppgitt, har du truleg betalt meir enn du burde. I tillegg må du bu deg på å punge ut meir på vedlikehald, service og reparasjonar.

At bruktbilkjøparar no kan sjekke kilometerstanden på nett var på tide, meiner Sagedal.

– Dette er ein viktig siger for norske forbrukarar, og for NAF som har jobba med dette i 14 år, seier Sagedal.

– Førebyggjande effekt

Direktør for forbrukerservice Ingeborg Flønes

VIKTIG: Ingeborg Flønes i Forbrukarrådet seier det er veldig viktig for forbrukarane å vite kva stand bilen er i, og at kilometerstand er ein del av dette.

Foto: Forbrukerrådet

Også Forbrukarrådet er nøgde. Der er kjøp og sal av bruktbil på klagetoppen, og årleg har dei saker der det blir oppdaga kilometerjuks.

– Vi er veldig glade for at denne tenesta endeleg er på plass. Vi håpar dette kan føre til færre klagesaker rundt kjøp og sal av bruktbil, seier direktør for forbrukarservice, Ingeborg Flønes.

– Vi trur også dette vil ha ein førebyggjande effekt. No blir det ikkje så enkelt å svindle og jukse med kilometerstanden, og dermed har vi laga problem for svindlarane, legg Sagedal i NAF til.

Håpar det blir nyttig

Overingeniør Kristian André Sæbø seier Vegvesenet no skal jobbe for å få meir oversikt over omfanget med kilometerjuks.

Han håpar det nye verktøyet blir nyttig.

– Det er viktig å påpeike at dersom verkstadane har skrive inn feil tal, blir det også feil hos oss. Vi oppmodar bruktbilkjøparar om å sjå på kilometerstand saman med køyretøyet sin tekniske stand, seier han.

Per Endestad

POSITIVT: Per Endestad frå Eikefjord er positiv til det nye systemet. Han har sjølv kjøpt fleire bruktbilar og seier han gjerne skulle hatt moglegheita den gong.

Foto: Anna Gytri / NRK